Kyrkja paa præria

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

Du stend der og manar med spiren mot sky,
i storm og i stilla, ved kveld og ved gry,
me skynar din strid, du er fana for deim,
som rudde der vester, men minnest sin heim.

Naar klokka di ringjer um jolekveld,
det er som ein lengt imot Norigs fjell,
aa, gjev ho 'kje misser si norske saal,
men talar til folket paa heimlegt maal.

Ja, gjev ho 'kje misser sin norske ljo'
men tonar, so klaangen driv heim yver sjo . . .
for enno so brenn det i bringa ein brand,
han logar for Norig paa Vesterheims strand!

Tone av Kristian Wendelborg.



Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt