Lerka

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

av Per Sivle

Og vesle lerka, ho hev det so,
at finn ho ein tuvetopp fri for snjo,
so kved ho i med sin gladaste song,
so trur ho på vår med ein einaste gong.
      "Å hei! å hi! å tiriliti!

Og vesle lerka, ho hev det slik,
at finn ho ein solstråle, so vert ho rik.
Då stig ho i høgdi og traller i lit
til sumar på jord, endå snjoen ligg kvit.
      - "Å hei! å fi! å tiriliti!"

Og lyngtuva, det er lerka sitt fat.
Der set ho seg ned, og so får ho seg mat.
Og når ho er mett, ho takker så glad
Vårherre for maten med kvitter og kvad.
      - "Å hei! å fi! å tiriliti!"

Gud signe deg! du fuglen min, du!
Gud signe no deg med di glade tru!
Og møter eg kulde og snjo på min veg,
Gud gjev meg i sol-tru å kveda med deg:
      - "Å hei! å fi! å tiriliti!"

(snjo = snø)




Viser og kvad (av Per Sivle)
Per Sivle - Viser og kvad - forside.png
Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt