Mørner paa Blaker 1808

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

1808.

Gjenom Romerik «Retræten» tonar
- austpaa Grensa gjeng det Døn i Døn -
ute er dei norske Bataljonar,
hardt dei strida maa for Sigers Løn;
Eidsvolds Jægerkor tek Post ved Strandi,
nett der Glaama renn ved Blaker Sund,
Rifla ligg dei ladd og stødt i Handi:
Sonevakt fyr Heim og Odelsgrunn.

Paaskebod i Morgonluft det ringjer,
Blakerbygdi søv i heilag Fred . . . .
inn i Skansen ein Husartropp svinger,
Svenskegreiven Mørner han er med;
«slik med Baggen vi paa svenska talar
- sit i Sadlen byrg med Smil um Kinn -
her som Kommandant jag nu befalar,
og paa Akershus jag snart rid inn!»

Men mot Høland «Gustenborg» seg vender,
Greiven i ei Klemma vil han ha,
Darre han med Bod til Lowzow sender:
«Slær du til, so veit eg, det gjeng bra;»
fram ein Tropp mot Urskog! - no det røiner
- Krut paa «Panna», Flinti er istand -
attmed Toverud dei snøgt seg løyner,
Gutar ifraa Telemark og Land[1]).

Fram dei bruser, mørnerske Husarar,
hundrad Riflor peikar deim imot,
tett paa Lina ligg det trauste Karar,
vill 'kje gi av Noregs Jord ein Fot,
og med Verja høgt, so blankt det glimtar,
full av Harm og Manndoms Glod i Sinn,
som ein Stormvind du i Notti skimtar:
Akershus Dragonar kvast høgg inn!

Lite det fyr Svenskegreiven munar,
Snøen raudnar, medan Skoti smell.
Hest og Herfolk dett, so Marki dunar,
det er utrygt millom norske Fjell;
fram aanyo - att med blodutt Panna.
Musketéren som ein Jarnmur stend,
stolt han heidrar Regiment og Fana,
vaktar trufast Fedragard og Grend.

Gjenom Romerik «Retræten» tonar,
Mørner gjev si Verje, myrk og vreid,
ute er dei norske Bataljonar,
bra dei held til «Gustenborg» sin Eid:
Svenskegreiven raade Noregs Rike? -
Rifla ned av Vegg kvar frilyndt Mann!
- Kjem han att, eg veit, du vill'kje svike,
Gut fraa Aker, Telemark og Land.




Cite error: <ref> tags exist, but no <references/> tag was found
Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt