Millom bakkar og berg

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Millom bakkar og berg utmed havet
heve nordmannen fenget sin heim,
der han sjølv heve tufterne gravet
og sett sjølv sine hus uppaa deim.

Han saag ut paa dei steinutte strenger;
det var ingen, som der hadde bygt.
"Lat oss rydja og byggja oss grender,
og so eiga me rudningen trygt."

Han saag ut paa det baarutte havet;
der var ruskutt aa leggja utpaa.
Men der leikade fisk ned i kavet,
og den leiken den vilde han sjaa.

Fram paa vetteren stundom han tenkte:
gjev eg var i eit varmare land!
Men naar vaarsol i bakkarne blenkte,
fekk han hug til si heimlege strand.

Og naar liderne grønkar som hagar,
naar den laver av blomar paa straa,
og naar næter er ljose som dagar,
kan han ingenstad vænare sjaa.



Dette diktet heter også "Nordmannen".