Minneord yver A. O. Vinje

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Det kom ein Gut or Vinje-Grend
til større Ljos han traadde;
han vardt i Landet vida kjend,
og vidt hans Tale naadde.
For alt sitt Tykkje kunde han
i Song og Segner greida,
og all den Gledskap, som han fann,
han um seg vilde breida.

Og rik i framand Lærdoms Skatt
sitt Folk han inkje gløymde;
i gamle Heimlands-Maalet radt
hans Vers og Tale strøymde.
Det Maal, som ræddest fyre Skam
og seg i Skuggen smette,
det bar han fritt i Ljoset fram
og Rett mot Urett sette.

Men Aar og Dagar gingo fort,
og nær mun Enden vera.
Han tyktest hava litet gjort
mot alt, han vilde gjera.
Eit Stig paa Vegen fram var naatt,
og betre Hug var vaknad;
daa seig han ned og tagnad' braadt,
og vida vardt han saknad.

No stend eit Minne paa hans Grav,
og mange var dei Hender,
som Beining til det Minne gav
i Landsens vide Grender.
Eit annat Minne er hans Song,
som vidt i Kring vil finnast;
og millom Folket mangein Gong
vil Namnet Vinje minnast.


Skriv noe positivt og fornuftig
Alle fornuftige kommentarer er varmt velkommne her på Norske Dikt. Dersom De ikke er hypp på å skrive anonymt kan De registrere Dem og/eller logge inn. Det er ekstra gratis.