Noregs Dag

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

Sjaa, no er det Dag, og no er det Tid,
   og Dagen er Noregs Dag.
No trengst det, at kvar den Neve, her bid,
   kjem med i vaart Yrke-Lag.
For no er det just, at Noreg hev Vaar,
og no er det Stund, vaar Aaker me saar
og rydjer os ny med Grev og med Plog
   i Livd utav Fjell og Skog.

Me rota og grov — det vanta kje paa —
   so tidt i vaart Noregs Grunn.
Men ofta so reint me gløymde aa saa;
   og Hausten vart helder tunn.
For Tistel her vaks, og Brennegras vaks,
—og gjerna det so vart minder med Aks.
Men no lyt me til, som Grunnen er verd,
   aa onna paa annar Gjerd.

Me hegnar vaar Heim mot Hât og mot Hogg,
   so saar me med Daad og Ord.
Og Himlen gjev Sol, og Himlen gjev Dogg,
   og Livet i Noreg gror.
Og Vaar skal her gro mot Sumaren inn,
og Truskap skal gro i Hjarta og Sinn!
Og so er det Von, at Noreg det faar
   seg eingong eit fagna Aar.

Me fann oss vaart Land, me bygde vaart Land,
   og Landet fekk Noregs Namn.
Og rett som det var, so sveik me vaart Land
   og gav det i framand Famn.
Men endaa det vart daa laga som so,
at Nordmenn dei eig sitt Noreg enno.
— Vaart Noreg, dei hev kje Raad, dine Menn,
  svika deg eingong enn.

Og kjem du i Naud, me fylkar os tett,
   me ringar med Vakt ditt Hov.
Me lyfter ditt Flag, me vergjer din Rett,
   og ingen me spør um Lov.
Og um du daa og skal sjaa oss som Lik,
rett aldri so skal du sjaa oss i Svik!
Det lovar me her paa Æra og Tru;
   og Vitne er Gud og du!



Fra En Fyrstikke side 18-19
Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt