Oberst H. Angell

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

Det stend ein herklædd mann ved Norigs merke,
du ser han fremst ved stongi, høg og rak,
ein vaken kar, med augo kvasse, sterke,
han stridde trufast for vaar norske sak!

Han loga som ein varde yver landet
og kveikte eldhug hjaa so mang ein mann,
han vilde heiIsIeg ut or træle-bandet
og synte veg med verja høgt i hand . . .

Ja, midt i vesaldom og dovnings-tider
slik einskild mann hev daa sitt store verd,
han vekkjer folket - skrida gjeng umsider -
han legg det skarpe staal i vaare sverd.

Me helsar deg med vyrdnad, stridstmann gjæve,
du gav oss av ditt rike hjartelag,
du lærde oss mot høge maal aa stræve,
imot vaar store, sanne fridomsdag.

Og difor takksamt mangt eit hjarta bankar
i hus og hytte, i den minnste krok,
du vilde ha oss burt fraa husmanns-tankar
- Ditt namn stend gyllt i Norigs soge-bok!



Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt