Oberst H. Angell (Dagsens dikt)

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

Velkomen sigerkransa
fraa Strid paa framand Strand,
dei tyske Kulor ansa
du ei, du norske Mann!
Du gjekk, daa Hornet kalla
til Vern um trælka Bror,
du saag so mang ein falla
for Frankriks Trikolor!

Eg ser - som støypt i Malmen -
ein trufast norrøn Gut,
mot Høgdi bruser Salmen,
so svingar Lina ut;
høyr kvast Trompeten tonar
- Kanona dunar paa . . .
"Fram, franske Bataljonar,
me Grensevakt vil staa!"

Velkomen sigerkransa
fraa Strid paa framand Strand,
dei tyske Kulor ansa
du ei, du norske Mann!
Me helsar stolt med Fana
og Heimlands-tonen varm,
du stødt til Fridom mana
og kveikte Glod i Barm!



Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt