Ottar Birting

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

Ved Bordet med Sigurd
        Jorsalafarar
sat det so mange
        Bausar til Karar.
So stod det ein ung,
ein tettvaksen ein,
        heitte Ottar Birting,
        var Kjertesvein.

Og best som det var,
        det fall, som det plaga,
yver Kong Sigurd
        ei Vitløyse-Flaga.
Si dyraste Eiga
fraa Hylla han tok
        og kasta i Elden
        - si gullskrivne Bok.

Og alle dei Stormenn
        sat kurre kring Bordet
og vaaga kje mæla
        eit einaste Ordet.
Daa var det, han Ottar
sprang burtaat, og vann
        ta Boki or Logarne,
        innan ho brann.

Og sidan til Konungen
        heldt han ei Tala,
so Sjølvkjensla vakna
        og Vitløysa dala.
Og Sigurd han sa honom
Æra og Takk
        og gav honom Sess
        paa ein Lendermanns-Krakk.

Og um no Mor Noreg
        er fatig og mager,
so hev ho daa enno
        ei Bok, som er fager:
ho hev i si Grunnlog
ei Bok, som er full
        av dyrare Ord,
        enn var dei av Gull.

Og skulde det henda
        i Ørska ein Kvelden,
at Noreg vil kasta
        si Grunnlog i Elden,
og Bausingen tegjer,
avdi han er klok,
        lyt Ungdomen berga
        vaar Norrøna-Bok.

Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt