På Vossevangen der vil eg bu

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

På Vossevangen der vil eg bu;
Der veks det kløver på heia;
Der gjeng kvar ungkar med blanke sko.
Og sylvknapp hev han i trøya;
Der dansar gjenta med band i hår,
og fletton' radt ned på marka når,
Ja tru du meg, Eg seier deg:
Der er det fagert å leva.

Og der veks hassel og bjørk og eik,
Og der veks blåbær i lia;
Der kliv'e geita i urd og kneik,
Og elva fossar ved sida.
På marka veks'e den grøne lauk;
I skogen gjel'e den ville gauk.
Ja tru du meg, Eg seier deg:
Der er det fagert å leva.

Der stend ei selje i dalen trong;
Ei hulder bur attom steinar.
Der tida fell'e meg aldri long,
om enn eg sit der åleine;
For marka angar av blom og lyng,
Og elva susar og huldra syng.
Ja tru du meg, Eg seier deg:
Der er det fagert å leva.


av Carsten Hauch (1790-1872), oversatt til norsk av Hulda Garborg (1862-1934)

Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt