Paa Fjellveg

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

Her gjeng eg rædd i fæle Fjell
med Hugen kvævd og sprengd.
Aa hu! Visst aldri ut eg held
aa gaa slik innestengd.

Det legg seg tungt for Barmen trong;
eg fær kje ande ut.
Eg skjelv og tenkjer Gong paa Gong:
han fell, den tunge Nut.

Det stengjer Vegg og Rygg og Kamb
for Syn og Sans og Sinn.
Den graae Bergufs skyt seg fram
og vil meg byggje inn.

Her er kje Raad, her er kje Rom,
her er kje Vind og Luft!

Men rundt i Fjelli døyvde Ljom
som Rop fraa Djuv og Kluft.

Og um fraa ville Kampe-Heid
eg fæli burt meg snur,
so stengjer paa den andre Leid
den blaae, bratte Urd.

Aa hu, so myrkt og trongt og villt!
Det kolnar meg um Kne.
Og hu, som her er audt og stilt!
Eg er som gravi ned.



Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt