Paa Vildring

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

Lange Tirine sig og skrid;
det gjeng paa Tròt og paa Tjon.
Gud hjelpe den som i Sjælestrid
slepper si gode Von!

Vinter ligg yvi Verdi aud;
han vil seg full' aldri snu.
Gud hjelpe den som iSjælenaud
slepper si gode Tru!

Veslemøy trøytnar i tunge Kav;
ho kjem ut-av Veg og Leid;
misser sitt Mod og vildrar seg av
og gjeng i Trollkjering-Heid.

Um Natti Trollkjering-Bole ho finn;
«høyr meg! No kjem eg til dykk.
Eg skal meg skrive i Boki inn;
men gjev meg ein Elskhugsdrykk!

Ein Drykk som Hugen kann vende braadt
for min Gut til hans rette Møy!
Eg vil honom eige ei einaste Nott
og so i Djup-Hỳlen døy.»

Kjeringi myler og hengjer paa
Seidkjelen svidd og svart:
«he-he, den Verge det lett vil gaa;
men slikt gjer eg aat full' snart.»

Ho drøyper av Horn, ho blandar av Glas
med Mullig og mange Læte;
ho mengjer Røtar og Løyndegrad
i nordan-rennande Væte.

Kjelden sjoar med Kvink og Klukk;
Kjeringi galdrar og syng;
«no syd eg Taare, no syd eg Sukk;
no syd eg den Hjarte-Styng.

Eg syd det kjætande varme Blod
som brenn etter kjælne Gut;
eg syd med Galder, eg syd med Glod,
eg syd med Eiter og Krut.»

Ho vekkjer Veslemøy Blod av Barm
og droplar Dropane tri.
Ho tek sin Trollkatt paa hærde Arm
og blandar av hans upp-i.

«Eg manar for Jon i Skarebròt,
eg galdrar med Sòd og Søy;
du Drykk! du vende den Hugen kaat
til Gislaug, hans rette Møy!»

Kjelen sprutar med Os og Fræs;
Eimen stend gul i Tak;
Kjeringi sputtar og blæs og les;
det gjeng um Novine Brak.

«Tri Gongir tri! I Namn av den
som eig det svarte Velde!
Satanas! Satanas! — Hui! Det brenn!
— No er de baae selde.»

Upp ho lyfter den svidde Hand,
og alt er stilt som Grav.
Daa kjende Gislaug, at Rædsa vann;
det var som ho svimra av.

Alt vingla og vippa og rangt seg vreid;
det dansa Golv og Gruve . . .
Ho fann seg kje att fyrr langt ut i Heid,
Paa Sprang yvi Stein og Tuve.



Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt