Rye sine Fjøllgutar. 1814

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

1814.

Det søv ein trufast Telegut
der sud i Danmarks Land,
fyr framand Sak han fall tilslut,
men Noreg det fekk au sin Lut,
daa Striden braut i Fjortan ut
- og Rye heitte han!

Den Tropp, han førde, var'kje stor,
paa Lag tvau Hundrad Mann,
det var det Tindske Jegerkor,
som skulde agta um si Mor;
her galdt det Heim og Fedrajord,
av Fridomshug dei brann.

Men Olav var ein modig Kar,
so gløgg og djerv som faa,
paa Uvens Salvor gav han «Svar»
- han fylgde gjæve Fotefar -
og kva dei høyrde einast' var:
«Fram, Teledøl - gaa paa!»

Paa tyngste Vakt ved Glaamas Strand,
daa ein mot ti dei stod,
og kor dei var med Svevd i Hand,
i kvasse Tak - ja, Mann mot Mann -
dei stridde hardt fyr Noregs Land
og stupa i sitt Blod.

Du Ætt, som aat ditt Borkebraud
i Elsk til sjølvraad Bu,
du tolug bar di Sorg og Naud,
daa Yvermagt deg Odden baud.
Gjev oss! - bak Barfots Fana raud -
di Von og sterke Tru!



Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt