Så mange ord

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

SÅ MANGE ORD

har summa
gjennom dagane alt
at eg kan skrive
referat på
grunnlag av
møteinnkallinga


likevel er det
ord
som har lagt seg
til ro i tilveret,
som for alt i verda
må vekse laus


levande blod
skal ein dag pumpast ut


sprakande sommar


skal sprenge
kokongane


fly ut
ete referata
etter våre liv

Dikt av Hans Anton Grønskag
Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt