Søvnløyse

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk


I natt fekk eg ikkje sova.
Eg hugsa at nokon ein gong
ved slike høve rådde meg til
å tella sauer. Eg så gjorde,
heilt til eg ikkje såg anna
enn irriterande ulldottar,
og sovna gjorde eg ikkje.
Så eg sto opp og slengde
meg over dei, ein for ein,
let saksa dansa over krøllene
til kvart krek var glattbarbert.
Men då sto stakkarane der
og fraus med både
anklagande og bedande auge,
hakka tenner og brekte seg.
Så eg angra meg, kara ulla
og vevde varme teppe til dei.
Det minste eg kunne gjera,
fekk så alikevel ikkje sova.

Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt