Sjaa der Guds Lamb kjem gangande

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

Tone: Et lidet Barn saa lystelig

Sjaa der Guds Lamb kjem gangande!
Til Dauden stilt han skride.
Sjaa yver honom hangande
All Synd i Verdi vide!
Til Pinebenken Vegen ber.
Han segjer: −No eg ferdug er
Fyr Adams ætt at strida.−
Dei syna alle Plagor fram.
Han svarar: Pinsla, Saar og Skam
Eg viljug er at lida!−

Det Lamb er Herren stor og sterk,
Ja, Gud og Mann sambunden,
Som av Gud Fader til det Verk
Vardt eine fullgod funnen.
−Gakk!−sagde han, −min Son! Og lid
Det Adams ætt til evig Tid
Fyr Syndi skulde smaka!
Det er ei Gru at standa i;
Men so verd Verdi frelst og fri.
Vil du den Kalken taka?−

−Ja Fader! Ja or Hjartagrunn!
Eg ber det du vil skikka.
Lat koma daa den stride Stund!
Eg Kalken ut vil drikka.−
Kven kjende fyrr slik Kjærleik heit,
So sterk og rik, at Ingen veit,
At tenkja seg hans Like!
Nei, det gjeng yver all Forstand,
For her til Dauden gjeng den Mann,
Som eiger Himmerike.

Min Gud! Kor skal eg bera fram
Din Pris med verdug Søma?
Mi Røøyst er veik, mi Tunga stam,
Og Ord ei Tanken røma,
Naar eg vil lova rett til Nøgd
Den Naadens Dypt og Lengd og Høgd,
Som or di Grav er runnet:
Burt Perlor, Gull og dyrast Skatt,
Som glimar her i Heimsens Natt!
Eg hev ein betre funnet.

Mitt Hjarta skal i Von og Tru
Av heilag Lengsla brenna.
Mitt Auga stødt til deg skal snu;
Du skal mi Trengsla venda:
Mi Taara løysa opp i Smil,
Og naar mi Saal ormegtast vil,
Skal du mitt Manna vera.
Mitt Hjarta trutt ved deg held fast,
Og um so Hjartat sunder brast,
Skal du mitt Hjarta vera.

Din Væænleik eg um Natt og Dag
Med Gledesong vil æra,
Og til mitt sidste Andedrag
Din Arv og Eige vera.
Min Tanke, Ord og Gjerning kvar
Skal i ditt dyre Fotafar
Som stille Bekkjer renna.
Og i min Barm ein heilag Eld,
So lenge Livet i meg held,
Skal til ditt Minne brenna.

Mitt Liv det er min Jesu Blod,
Mi Livd mot Daudens Piler.
Um heile Verdi mot meg stod,
So trygg i det eg kviler.
Det lindrar alle Saar, eg fær,
Og kveikjer Modet, naar eg er
Som kjøøvd av tunge Tankar;
Naar Sorger kjem som Kvervelvind
Og skrææma vil mitt veike Sinn
Daa er hans Kross mitt Ankar.

Hans Blod mitt Purpur vera skal,
Naar eingong eg skal venda
Fraa denne Heimsens tronge Dal
Til Sææla utan Enda.
Mi Kruna i Guds Himmelsal,
Der eg som Soli skina skal
Og um hans Throna sviva,
Naar eg skal sjaa min Frelsar prud
Og ved hans Sida standa Brud:
Det Alt hans Saar meg giva.

(etter Paul Gerhardt.)



Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt