Småbruks-hjarte Prosadikt

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk



SMÅBRUKS-HJARTE


Prosadikt og dikt

Hans Anton Grønskag



I.




DETTE ER DAGEN!
Lyset kjem!
Natta mister feste!
Rommet vert teikna; først med duse strok, så med klåre konturar av nattbord, seng, stol og alt som er stoff.
Gardinene brånar bort i ein kvit vind, lange, uformelege armar strekker seg ut av glaset, blenda av morgon, grip sjølve sommaren, duftene, badestranda, Solo-flaska, tilfeldige streif av nye kroppar og nye blikk.
Nye, heite draumar!


Føtene rører golvet – så friskt, så lett !
Det ler - tærne spriker lengtande mot alt som kunne finnast.
Det dampar av lengt all stan, kvite måsevenger; duft av slått og nye hesjer.
Han – eller var det eg? – går halvkledt, ein lys skugge mot alt det kvite.
Mens alle enno søv.

Ytterdøra open! –

Ramme kring eit bilete du er malt inn i med vare strok –
draumefargar og regnbogar før tidene tok til, før det første dyr vart rissa i berg.
Stig inn i ramma, lukker døra. Står nymåla og frelst framfor det mektige rommet –

Full av dag!





Dei grøne engene strekker tørste røter, mogne og uanstendige under guds auge og Gud er ung og djerv, som James Dean.

Ein heit, flimrande varme! Penselen til Monet – tenkte han kanskje mange år seinare?
Kanskje var det eg –




Svaberga, båtane – Sjøen når stranda, så vidt!
- vare, svalande hender.
Ein båt grabbar sand innved land. Dunk-dunk!
Intervall som ein lang røykepause i bekmørkt maskinrom.
Men lyset har makt så det held!
Spring - svever og blafrar!
Timotei og svingel vil opp – opp, for å sjå!
Nakne bein kjæler hovuda deira!
Då kniser dei og vert stormforelska!

Eg vil springe mot sola og ofre meg for kva gud som helst!
Vil ligge på ein offerstein under prestens blanke kniv.
Blande blod med alt synleg! – Alt usynleg!




Ville springe som stamfedrane på glødande savannar og svale stepper for førtitusen år sidan, heilt til farten løyste ein frå kroppen –
ein vill protest frå musklar og blod: bli her! Bli i kroppen!
Men eg er ein drake av silkepapir!
Lettar frå dagen som jordmagnetismen ikkje veit råd med, før tråden ryk av som i draumen, rådvill – oppløyst av luft – ei sky?
ein gudeson?
Må vakne for å koma på fote!



Lykkeleg! -
Rop mot horisontane all stan!
Kjenner det i heile ville kroppen - som skrekk – og fryd!
Spring på dogga og anden frå jorda, ei usynleg, pustande dyne over svaberg og lyng -
gjennomlyst
uuthaldeleg lett.



Fyret står og ventar! –
Ropar: Høyr, eg kan spele!
Men nei – Ein feilslått akkord! Tåkelur mot einsfarga himmel
og skyfrie tankar!
Undring –
Kjenner ein brå frost i det, og snur! Spring same veg tilbake –
Men vegen tilbake er ein annan veg!
Det er den
alltid!



Eg ser han på klåre dagar, som no. Han, er vel eg!
Åtte år - Solbrune bein kan klatre i tre og fjell.
Kan kjenne hjarteslag inni fjellet, legge handa på ein ørnunge over bratthenget, kjenne makt til å – ja, til alt!

Det finns ei uro
som ikkje har ord
å kvile i !



Sola er varm alt.
Ein kan ro til dei ytste skjæra som berre skarven og angsten nyttar,
senke seg ned! Det store havet slepp oss inn – merkar det knapt i sin kropp mellom kontinent, men bølgjer av lyd fangast opp, likevel. Bøyer tare-gardiner til side der nede i skuggane!

Men lyset dreg opp!
Reip av samanvevde strålar.

Det er sommar! - heilt gratis! Det er heilt sant!
Dette er dagen då alt er med! – Ein stor, stor dag!

Den krev all plassen! 
Sola flytter nærare. Havet sovnar, rører seg knapt.
Litt krusing i vikene. Blomane duvar svakt - lyer etter honningelskarane.
Dette er dagen som skin i ein kropp, som alltid skal leva i nokon!
Dei skal bera han fram som ein dyrebar eld! Den skal lyse mot botnar i villaste stryk, og teikne konturar i skodde.







HUSET –
( OM SOMMAREN! )

Huset gjer seg stort!
Vaksne og ungar, i rom og i trappar! Ti smilehol mot bygda, men berre to mot
sør-vest, der vinterstorm og skrømt raspar malinga vekk!
Det er heimleg lukt av folk, by-duft, og mat! Husmorkunst, servert med varme tankar på alle fat.
Vi har det godt ! –
sukkar far eller mor.

Det er så sant at det!



Det er onnetid – slekt frå byen fyller alle rom!
Mjuke hender og latter blir sendt rundt så alle kan forsyne seg rikeleg.
Flatsenger, slik at ungane kan vera saman!
Deling er bra! Nestekjærleik og solidaritet er det same seier onkel Jens.
Far er einig!
Flatsenger er bra for alt, hardt leie er bra for ryggen og for karakteren!
Re senga!- seier mor og tanter.



Inne i huset, der alt møtest, er kjøkkenet !
Ei open kyrkje og eit valfartsrom! Kvinner, som er søstrer, forrettar der.
Matlaginga ligg i årane, og årane strekker seg i lange liner attover mellom kvinner og heimlaga kokebøker, ut i kvar celle i bygd og by !



Her er far, onklar og ungar som diskar seg kring heimbakt brød og nysilt mjølk. Landet luktar mjølk, sild, ost og graut. Alltid nærande mat! Bordbøn først!
Det gjer godt for menneskje å takke einkvan for så mykje rikdom, seier far,
så vert ein ikkje storsnuta og eigenrådig.
Onkel Jens ber på industriarbeidarvis med nevane på knea, utan eit ord, men Guds auge er mildt – han veit at far har rett – ofte !



Alle sit på det velsigna blåkjøkenet - det hyser ei heil slekt, sjølv om det vert trongt, men skal ein vera familie må det vera trongt!
Ein har usynlege hender i kvarandre sine hender, og ungane sparkar med nakne bein under bordet og har eit hemmeleg språk, som ungar alltid har hatt.
Flugene fyk mellom vindauga og pappskive innsett med DDT over matbordet, og det er eit lysår til miljøvernet gjer sitt inntog i rurale snakketøy.
DDT-dryss på brunosten kan ein berre blåse av.
Verre er det ikkje!
Det vil helst gå godt, meiner no eg – sa mor!


Og praten mellom dei vaksne legg planer for høyonn og middag og nonsmat, og alt er både arbeid og leik i eitt, og dei vaksne har fantestrekar på lur bak augo, og i små krusningar ved munnane. Dei går ut av dører med øyra strekte bak seg, og klistrar dei mot døra før dei går inn att.



Vis respekt for vaksne, men ver aldri redde! –
Ungar er med i arbeidet til vaksne, og vaksne er med i leiken til ungar,
så blandar dei det med sol og vind og eddikvatn, og vips!:
så vert det onnearbeid!
Og det er arbeid som alle kan klare, fordi ein er så mange.
Eit lukkeleg samspel, som vart laga av dei første vaksne og dei første ungar,
da alt vart skapt;
var det ei tante som sa.



Eg sit nesten stille, tømmer to glas mjølk etter sprinten, og far spør kor langt eg har sprunge, og sender smøret til ei tante, som sender det vidare til ei anna tante, som sender sirupskoppen til far, og tante Nina har hårrullar, - kva no det skal vera godt for - tergar tante Tora, som minner om at ingen skal sleppe unna høyonna av den grunn, og alle veit at tante Nina ikkje sluntrar unna når det kjem til arbeid, men fin det vil ho vera uansett kva ho gjer! Det firar ho ikkje på! Ho har kontorpost på Nidar! - Det er ei prinsippsak!

Far likar prinsipp, om dei så vert nytta av byfruer og ser oppmuntrande på tante Nina.
Tøtta du!
Det får mor til å undre, og snu seg med kjelen, og set den tilbake på magasinomnen, glattar forkleet med blanke hender. Så stryk ho vekk ein hårlokk frå panna -
Det er så mangt nytt no at det!
Ei mil! - seier eg.
Far nikkar fjernt – utan å vete kvifor.




Når alle er mette er det ny bøn.
Angelus – (Jean-François Millet – Seinare tilført kunnskap!)
Kvinnene tek av bordet, hjelper mor med oppvasken, medan far leier sin flokk av byfolk og ivrige ungar ut i stallen der den blakke hingsten står og ventar på å kjenne meininga med sitt liv – Slik er huset om sommaren!



HØYONN -
(FØRSTE ØKTA)

Hest vert kopla til sleperiva med reimar, tau, jarn, og respekt.
Hesten er like blond som tjukke jentefletter, og han er norsk, og jentene er norske. Skandinavisk ur-liv, og kjølege eleganse! Men ingen tå oss visste at vi hadde slik eksotiske sjarm.
Hitler (tvi!) var død, og han var sprø som soltørka kuskit medan han levde,
og som brend Satan etterpå, og far fnyste som storoksen, meir arisk var han ikkje!
Tvi!



Men hesten gjorde susen! Høy vart flytta inntil hesjene, for Blakken såg kor hesjene sto og slapp høyet av der det skulle ligge. Hø! –
Det kan ikkje ein traktor greie, sa far, korleis skal han sjå hesjene? - så onkel Fred måtte putte inn at det vel skulle sitte ein person oppe på den traktoren, og han alle aldri hadde høyrt om ein blind traktorførar! Men det prella av som vatn på flesk.
Og Blakken var stolt og kjende seg som førar i flokken.
Betre hesteliv fans ikkje på desse kantar.


Hest var best når det kom til høyonn, sa far. Onkel rista på hovudet, men ingen turte støtta han i traktorsaka, før skulle dei dra høyet på gamalmåten, med hand-rive! Sett ikkje noka på spel! Det var rjomegraut til middag, og den var feit! Dessutan handla det om solidaritet, og det forstod ikkje onkel Fred døyten av, som var funksjonær.
Men ingen ungar bala med tankar om kva dette med hest eller traktor var for noko. Det vart for innfløkt, men vi ville heller ikkje sette noka på spel
som sagt!



Far planta spett først og så hesjestaur djupt i rekke nedover enga, og den nedste strengen vart spent så stram at tonen kunne nyttast i eit klassisk verk!

Da skulle graset hengast! Men først skulle det ristast mellom hendene slik at luft kunne koma til så alt vart tørt.
Luft høyet ungar! - sa far.
Og blir de tørste er det eddikvatn med søtt i aluminiumsspanna!
Saft var til festbruk, og brus vart fortært med spikarhol i toppa annakvart jubelår, og helst ved sankthans.


Alle vart tørste med ein gong – Etterpå gjekk det heile som ein leik.
Strengane vart stramma med mannemakt, medan hesten såg på.
Far var sterk og brun og alvorleg!

Kan hende lukkeleg?
(Seinare refleksjon.)



Etterpå sopte ein lett vind over sletta for å slå ein kvintakkord på den øvste strengen, og to av onklane retta arbeidar - ryggane sine – og samla seg på Valen!
Hadde dei levd lenge nok inn i hundreåret hadde dei kanskje mimra om dei gode åra før liberalistane, men dei hadde flaks og levde i ei tid da mangt som betyr noka peika oppover.

Heldige jeklar!



Kvinnfolk og skuffkake, saft og kaffi!
Og han ser at Synøve i hans klasse har kome for å hjelpa. Hjelpe og trøyste!
Ho får eit stykke kake og neier, og smiler til han med dei kvitaste tenner, og han gløymer kva for ein gudeson han er. Det du er i spegelen ein morgon, vert fort borte når røynda fell ned på ei nyslått eng
med kvite tenner



Dei vaksne snakkar om den nye kongen, at han stammar litt men at han elles verkar bra nok,
men så ulik den magre, lange far sin at det…
Dette kunne bli ein god dag, og han held kjeft om at han var i byen da Olav vart signa, og far og mor held munn, og snakkar om noka anna for å ikkje koma inn på skrytevegen.
Hovmod står for fall – som skreve står!


Og onkel Fred vil snakke om Explorer 1 som vart skoten ut frå Cape Canaveral, og tantene ser i løynd på far om Fred har gått for langt, men far hengjer seg på og er godt orientert om romferd.
Eg vart mållaus, men hadde munnen full av skuffkake, så det var greitt!
Dette vert ein god dag!

Kvinnfolka ler og løyser skaut - og snakketøy. Såpass lettsinn må tolast når sola står høgst på himmelen!





OLISE
( EIN VIKTIG PARENTES 1)

Ein ting er spesielt i biletet på slåttemarka – Det er Olise!
Storesøster Olise er 17 år og berre 94 cm på strømpelesten.
I høyonna kan ho henge frå seg staven sin på ein endestreng på hesja og ta fatt med riva si. Riva har far laga spesielt for henne. Ho er så (!) integrert, men ingen veit kva integrering er. Ho vart født med OI (beinskjør i n-te potens!) –
og brakk bein om ho trødde feil, eller la seg skeivt. Ho slutta å vekse da ho vart fire!
Sånn er det berre!

Ho fører riva som ein født slåttekar, og spreier solskin og høytørk kring seg der ho hinkar fram. Er du tørst Olise? - ropar mor, men ho har ikkje tid til pause, må få høydotten inntil hesja slik at han kan hengast på nedste streng!
Høgare når ho ikkje. Ho er seig og sta som lite mørna kukjøtt! Slik er ho!
Alle eltar felt på nedste streng til henne, så umerkande at dei ikkje trur ho oppdagar det.

Ho merkar det så klart! – legg berre tanken i ei lita lomme. Den vert tømt kvar kveld før ho sovnar. Dveler ikkje ved anna enn samhald og den gode viljen. Integrering er eit spørsmål om å gi og ta. Slik må det vera i eit samfunn som er nyflidd etter Rinnan-banden og Quisling!
Olise veit!
Ja, slik er det!
Det har dei alltid sagt!



TORVONN –
( MENS HESJENE TØRKAR)

Hesjene vaks fram på rekordtid, byfolket jobba godt! Såpass må ein innrømme !
Det vert rømmegraut og graut-pinn! (Spekemat!)
Alle er brune og friske i fars flokk
 Godt jobba!
Han sa det rett ut frå bygdelivets stengde bryst og alle fekk tårar i augo.
Sjølv onklane måtte svelge ein klump, som dei sa.
Det vart fest kring det lange bordet, men aldri skjenk!
Der gjekk fars grenser, og tantene var takksame. Eitt problem mindre i familieregnskapet om sommaren i det minste!

Far var ein bauta* for heile slekta, såleis. Aldri skjenk! Men graut og spekekjøtt i overflod, med mjølk til! (*(seinare merknad ved båra),
)
Medan hesjene tørkar gjer vi torvarbeid, sa far - kven blir med?
Alle ville vera med, og torvmyrane låg nær dei beste badevatna visste ungane.
Det er viktig med avveksling, og det finst ikkje anna avveksling enn den naturen kjem med! –
Når torvarbeidet er ferdig er høyet tørt og kan køyrast inn og ungane skal trampe høyet ned i vogn-lasset. Fryd hjarte! - hopp i høyet på låven, grave labyrintar og gangar i det store vinterforrådet til Litago, Dagros, Stjerna og Sputnik. Men det var leik!
Det var vel leik?


Men først er det torva!
Den skal brenne i omnane i den kalde, lange årstida då sola så vidt kan sveipe landa i nord – slå floke – kakke isen på brønnen.
Ein må vera budd!
Ein må alltid vera budd!
«Morgon frisk og raud, om kvelden bleik og daud!» - sa Matheus.
Han har teke grøfter lange som Ekvator, derfor vert han alltid med der torv skulle takast.
Han skulle vera med når torvlumpane vart skorne i høvelege skiver og lagt ut til tørk, og han skulle vera med når fire og fire skiver vart sette i vardar bortover myra.
Slik skulle dei tørkast, og godt tørke måtte ein ha!
Englane er alltid der Matheus er, og dei sørger også for tørkevær.



Stakking var ikkje noko for Matheus, for da måtte ein ha passar og hellings-vinkel og nøyaktigheit i hausen. Pyramidebygging var like lite hans fag, som det var det for Farao. Matheus sto att med slavearbeidet aleine – Men lerka song!
Med hyssing og påle trakk far ein sirkel – Radius ein og ein halv meter.
Nikka og mumla, nøsta saman tauet til neste stakk, og til neste år.

Så vart stakken mura opp, sirkel for sirkel og med ørlite mindre diameter for kvar ring, og inni fylte vi torv, og på toppen la far en stein.
Dei tre meter høge kjeglene skulle stå trygt mot både austavind og vestavær!
Ikkje nett «Kongenes Dal», men godt nok bygt for arktisk vinter!
Kom ikkje der! 
Ungane kasta seg i arbeidet, for dette var Lego før Lego. Ingen tenkte på at det var avansert geometri, midt i skoleferien!
Torva måtte haldast tørr til det vart sledeføre.
Så kunne torvsvalene i størhus og fjøs fyllast opp, og torvstøv fylle auge, hår og kle.
Men ein fekk vaska seg rein til advent!
Da kunne vinteren berre kome!
Torvstakkane sto svarte mot raud kveldshimmel, og lova ein lun vinter, - om ein fekk leva så lenge!



MATHEUS
(EIN VIKTIG PARENTES 2)
Matheus var eit grovt verktøy, som vart funne fram når tungt arbeid skulle gjerast. Det motsette av søndagsdress og mokkakoppar, kan ein seie.
Historia om mannen låg innhylla i ei slags tåke, vart det sagt, men sanninga var at alle snudde ryggen til når det kom til den saka, mens andre mista taleevna.
Om det ikkje var tåke før, vart det i alle fall tåke av slik åtferd!
Nei, Matheus var Matheus! Basta!
Han var ein dag-arbeidar som tok dei jobbane han fekk.
Nokre slantar fekk han nok, men det viktigaste var maten. Han åt for to, men vog halvparten av ein. Lange musklar og sener, auge hadde sett rakt inn i Herrens lyse salar!
Såpass visste dei!

I handa hadde han ei øks - på hovudet ei svart blankskjermlue.
Når det gjekk ut bod over all jorda, kom han med riva løfta lua til helsing
og englane dansa og jodla i glede over å ha han på laget!
Så gjekk han til si gjerning –
Vår Herres faste vikar!



HØYONN -
(ANDRE ØKTA)

Blakken drit!
Grasfrø, humler og solstriper helser på kvarandre i forte, rørlege alvekast over
høyvognkarmar og hesjar – Tjeld og spove varslar om revolusjon og bråe omkalfatringar i både flora og fauna.
Sporv og linerle finn seg frø og insekt før verda forsvinn opp låvebrua og inn i dei mørke salar – på låven!

Ungane er trampande føter - stikk som klør, og skrubbsår – Tynne armar er vel skapte til å ta imot høy?
- og grunnen under dei veks og veks, trass intens tramping.
Det er fullt nok!
Hesten får beskjed!
Hestespråket ligg i munnvika og ganeseglet til far! Blakken dreg lasset i gang, og ein kan liggje flat to meter over bakken på mjuk kløverange og stiv timotei.
Og ein kan la seg transportere på økologisk vis til den himmelske og syndige låven.

Ei kollektiv gruppekribling i heile flokken, sterkt samanvevde, intense sansar, tørste på alt i heile vide verda! Det luktar hestemøkk, tørt høy, jenter, gutar og sveitte!
Men leiken kunne òg vera berre ei gild kappe kring undrande alvor.
For gneistar spratt, og lyste som morell inn på dei mørkaste krokar, innerst i låven. Der låg det lova landet! - utanfor radar og skarpe vaksne auge! –

Sanselandet!
 – barnesjelas Blokksberg!



Eg reiser meg,
Synnøve – Kari, Helge, Trygve, Ola, Astrid, Tormod og alle dei andre reiser seg, dreg dottar av tørt gras opp dei bratte høy-berga som rekk til mønet,
og ut i alle himmelretningar.

Det tek tid – , og vi får tid! - for det er snart non, og betalinga er:
moldvarpe-leik!
Ein grev gangar! – i lyst og forderving - gjennom heile fjellet!
(For å lufte høyet! Men de visste vi ikkje da.)
Og gangane sirklar seg rundt – ein høyrer det grev på andre sider, og håper det beste – og det beste skjer at du møter eit andlet, og kjenner ei flette, ei hand og ein kropp, og det vert kviskra i dimm undergrunn – nok til å veta:
det er den rette!
Forte, blaute lepper mot lepper prøver eit urgamalt ritual – fordi det er mørkt
og ingen veit.
Da er lukka sterk nok til å sette eld!
Hastig kjem ein seg ut, før låven tek fyr !

Men høyet fekk luft!



HAUST!

Koffertar, nett og sekker forsvinn frå roma – stemmer stilnar og dufter vert lufta ut og løyser seg opp, lenge før potetferien.
Den siste onna er huslydens ansvar, åleine!
Ja, ja!
Men grannar hjelper kvarandre, og Matheus kryp på kne gjennom bygda, handsamar kvar einaste potet med haustarens respekt for skaparverket.
– Ein fag-engel verdig!

Kjærleiken er sterk og heil for fletter og blåe auge skin gjennom skolestova, og eg sakkar akterut både i salmepugging og bibelsoge.
Læraren er ikkje dum: Sper på med «Skulehage» og tran med gulrot, og «Fager kveldsol» til astmatiske orgetonar.
Gulrotavlinga mi blir nest best! –



Då tek eg ei viktig avgjer om å profesjonalisera sykkelsporten! – for korleis kan ein imponera med å springe i ei tid da teknologiske nyvinningar deiser ned? Speedwaystyre, krum stong, gir og V-genser?
Men dette er uoverkommelege hindringar når den einaste familiesykkelen er eit svart skabberakkel av ein «herre»-sykkel, som korkje kvinnfolk eller ungar kan meistre utan å stå skeivt i ramma, med høgrefoten under stonga!
Ikkje mykje stileg, spør du meg! –
Dessutan vart farten deretter, og ingen kunne forvente eit under på den fronten, sjølv om digre TV-antenner dukkar opp på møner og peiker mot usynlege sendarar, i ei mytisk verd, ingen heilt trudde fanst!
I religiøs tru - sjølv om eg sakkar akterut på den fronten - går eg laus på potetopptaking, nepe og gulrot med misjonsglød, og uhøyrt vilje, kasse etter kasse, trillebår på trillebår, og blir møtt med undrande auge, blåe, horisontale fyr- sveip på lyse dagen!


Og om kvelden - stille småprat, med mitt namn nemnt i samtalen frå dobbeltsenga på den andre sida av veggen
- etter vellukka kveldsbøn.



Tre veker etter er det laurdag og haustsol gjennom tyllgardin.
Usynlege armar dreg meg mot glaset, dreg blikket ned - og der! Noko stemmer ikkje med terrenget! Eitkvart er flytta på der ute!
Ein sykkel ! – i ein heilt annan storleik enn det nokon her har sett før!
I blomsterbedet!
- og håpet,
som sjølvsagt ikkje er det same som visse; kjem i støyt, kortsluttar, og krev ei forklåring som ikkje ei sjel kan gje klokka seks på morgonen ein laurdag!

Fjøstid! Far må vera i fjøset! Klede på! - Ut!
Sykkelen er sjølvsagt brukt, men ny som eit kopplam for det! Far på mjølkekrakken – metallisk lyd av mjølk mot spann – store kuauge – spørjande kuauge – rovdyr?
Storoksen?
Fars faste rygg – skallen ein kvart skru mot meg:
likte du sykkelen – Den er din! Ein rabagast i Trondhjem ville ha ny (Tvi!)! - Ordna det gjennom onkel Finn, du veit han arbeider på «Hjallis Sport» - Kom på båten klokka 4 i natt!

Ord i kupiss-damp og fôr-støv.

Katta ventar på nysiltdråpe - men tek pause i mjauinga – storhende!
Armane må berre!
Far må konsentrere seg! Må ikkje miste spanna! Kan ikkje spille mjølka!
Ein klem er uvant – uansett! - Og så på krakken!

Det ber ut – og verda ordnar seg i ein lys, klår haustmorgon – andektig tilnærming til sykkelen – passe stor – nesten ikkje ramponert – nesten ikkje rusten – nesten blå –
nesten ein Speedway!
Verda er ikkje til å kjenne igjen!
Endeleg kan alt begynne!


 

SYKKELEN
Han syklar seg ut av tida lettar frå jorda som om magneten inni kloden er stilt ned for han, eller var det ein komet som drog han mot seg?
Farten aukar snauklipte enger ligg under han ein måse styrer klar av styret med mykje skrål, jentene spring, kalvane dansar, eit ausekar og ein båt med segl, mor på tunet, far setter hesten på stall, sand-båt på svaet, niser i sprang på jakt etter akkar og fisk, årane fyk, torv, ein duk og songen frå fjerne kyrkjetårn, og lys frå fem fyr og bårar som kan drepe ein fiskeflåte på ei natt, hårrullar og laustenner.

Dette er ditt! – skjelv det i han, og han reiser seg frå setet og ler mot sola, og han bøyer seg mot havet.
Kvar er du Guri?
Kom frå hav, kom frå sund,
kom frå storhavets grunn!
Er du heks, eller dronning
til Utfroværs land
Guri Kunna –
langt over forstand?
Himmelranda! Kloten er rund – levande mellom daude gigantar! Mitt!
Ein vind vil leike som ei jente! Spring på tynne bein ut av tida, ut av Barndomslandet.
Ein maur stikk hovudet ut av tuva, og legg skogen for sine føter!
Tunet, hesten, tantene, mor: kan du kjøpe dette? Ein lapp med påskrift: «sanitetsbind» -
får det alltid i brun pose, butikkmannen har alvorleg mine.

Jenter med naglelakk på tå-naglar - bikini - alt det rare - ler med pålima auge
– Hei!

Ein bil i ny og ne, alltid vikeplikt for leik på vegen – Slå-ball, kanonball og vippe pinne, sanitetshusa med stolar i jarn og finer, oppstabla på knirkegolv under scenekanten, varm duft, «Velkomen til Havgløtt», «Velkomen til Fredly», velkomen til å vera vi! – og teppe med fjell, flagg, fjord og hav –

Det kan knapt kallast eit Speed-Way-styre, men kva gjer vel det?
Han er fri som fuglen mellom hekkesesongar, og let lekser vera leksar fordi det er så mykje anna som må lærast først!

Tråkker seg gjennom ein etappe barndom medan vegen enno er bar for is og snø. Alle dei andre synes sykkelen er fin, og han får skyte-leidning i gilde fargar til å surre rundt eikene! Låner bort sykkelen til søsken, og lagar avtalebok.

Før storstormane setter inn er han à jour med salmar og bibelstoff, og har fått
eit bilete
i lomma –
eller
under puta!



II.

TIDA – EIN TJUV? – ELLER VAR DET EIT JUV?
Han er seinare, mykje seinare!
Rørslene – beina armane, kroppen
snart mast til gamal mann –
men resten i han,
det usynlege –
syklar og spring, vilt som ein stareflokk når hauken truar – ei evig uro som gneg med ru røst gjennom korridorar, hus, innestengde folk.

Tida var ein tjuv! Plukka vekk likt og ulikt, godt og vondt, utan tanke på sortering – nei – Tida vart eit juv! –

sa eg tjuv?

Gamalt rask fylde opp inngangen, kanskje var det sekstitalet, kanskje oljealder?
- han veit ikkje, plar han seie, for å få fred.
Ekspertar finn vel eit svar – finn nye kvar dag – dei verker kjende, svara.
Men no har dei fått ein prislapp!
Alt låg att! –
parkert til spott og spe, til råte og rust.
Traktorar, evige sanningar, plogar syklar, båtar, Gud! –
og i himmelen er det mange tomme rom –

så eg flyttar vel inn!–

Tida fann seg veg over, sprengde juv, djupare enn djupt, umogleg å fatte.
Han kan enda lesa.
Synet er bra: Tre av fire jordbrukseigedomar er lagt ned sidan 1959! - mjølkeproduksjonen og kornproduksjonen er dobla! Samstundes!
– Framsteg!
Ein million dekar dyrka. eller dyrkbar jord er omdisponert til formål som hindrar framtidig jordbruksproduksjon!
Vi har kome langt!
Det er ikkje så lenge sidan –

Tida har omdisponert!
Det er det eg er, «Omdisponert»!
Småbrukarane, kystfiskarane, siste rest av veide- og sankarsamfunnet, vart tråla og skrapa vekk, drukna i maursyre, formalin og andre kjemikaliar; masa sund i forhaustar, høgteknologiske fiskefartøy, oppdrettsmerdar, hav fylt av plast. Framtida skal fyllast av kunstig intelligens – og aukande befolkning

og alt er såre vel –


Barndomen er omdisponert til faste tider på døgnet.

Utredningar om seksåringar i –
Utredningar om femåringar i -

Vi er nøgde! Verdas beste!
Og alt det andre? –

Kyr som kleiv i fjell,
sauar som kappsprang med katta og kunne fjerne seg
før ein fiktiv varg truga?

Eller far si utgreiing om bonitet etter bordverset, og jorda under neglene.
Var det ikkje noko anna?

Var det ikkje ei livsform?
Nei! - Brukt tid er romantikk - Utan stank!
Dei som tok over har studert trendar, og motar.
Du finn det du vil framfor juvet, om det er noko du saknar!
Det meste vert resirkulert!
Låven finn du på EGON, hesten vart PowerStrike-bag og
spettet ein installasjon!
Produksjonen er høg, men ikkje høg nok! Det må skje noko drastisk!
På heimen her i grenda er produksjonen låg. Folk døyr når dei sjølv vil!
For all del – ikkje politikk – nemn ikkje ….det der!
Dauden er ein marknadsvinnar, sjølvsagt,
men vi vil vel ikkje…!
Vi fekk jo det vi ville –
Gjorde vi ikkje?
Entreprenørar flytter boniteten ut av syne –
ut av sinn!
Kan ikkje klage!







HAN DRØYMER OM SYKKELEN –

Han drøymer om Synnøve, han drøymer om Potifars hustru, han drøymer om Batseba – og Salomo!
Brysta dine er som dådyrkalvar, gaselle-tvillingar, som beiter blant dei første blomane
Og han skjønar ingen ting. Ikkje før fleire år seinare -
men då låg far som lik på låven, pynta og stiv i klår januarluft –
granbar – kvite laken – open kiste –

Ein bleik, stivna tanke:
bonitet!

Alt – eller var det vi ? –forsvinn inn eit mørkt hol der språket slutar å vera ord, klamrar seg fast til eit sukk - minningar om barndom mektig som klokkar.
Kimar om kapp med tusen fyrlys som ikkje rekk langt nok fram i sorga.
Tida la alt aude – himmel og jord - alt synleg og usynleg.
Landet vart rydda - kvart eit bord, kvar ein låve, kvar ei slekt.
Noko helt nytt var i emning!



 
NOKO HELT NYTT VAR I EMNING

Ikkje ei tid, ikkje ei onn, ikkje ein dugnad, men lovnader om lovnader om framsteg – rett ut over kontinentalsokkel og religionar reinska for gud, skit under støvlar og slo på hender!
Men med lengsler som borrehol i auga –
klamra til selfies - utover verda til namnlaus mottakar, heilt dit ut der nokon enno kan tyde språket ditt –
ved eit bord sør for rikdom,
der nokon kan by på seg sjølv,
på tom mage!




DET MÅTTE KOMA EI ENDRING!

Det var mykje som var galt.
Sinnsjuke – sa vi, og det var det dei var! – alle visste korleis dei sinnsjuke var! Utplasserte på gardane, men lånt ut til andre når det trongst.
Nokre ga dei eit kott. Dører kunne opnast frå utsida. Sånn var det berre!
Det var ikkje noka problem!
Hadde det kanskje betre enn på asyla, meinte doktoren då det kom på snakk.
Dei sat ved benken og åt. Dei var vener med dyra.
Dei snakka med stokk og stein!
Det var bytterett!


Rykte om misbruk, vald og tvangsarbeid
berre rykte!
Den som er klok spør ikkje i utrengsmål.
Det må ein læra seg!
Hald nasen i ditt eige utedo! Det låg vel eit lokk over? –
men trykkokar - ?
- m-n-j-a - !
så lenge ein ikkje såg det var det ikkje noka ein trong å vete!
Sånn var det!
Det var ikkje noka problem, slik sett!

Men trykket auka jo – det er klart det!



Det same gjaldt vel fattigdom?
Fattige born vistes når dei kom på skulen. Kunne ikkje hindre det!

Lukt, strikka-jakker som rakna ved ermene, brød med mugg, lus, bøter på kle.
Sånn var det!
Det var ei skam, så klart!
Men dei hadde skuleplikt og skulerett!
Ein kunne ikkje snakke det bort med at faren drakk eller at mora var ei dum flyfille!
På skulen måtte dei jo kome. Men etter ei tid var det ikkje mange som kjente dei, om dei ikkje var dei fremste i stille lengde eller skolekjøkken.
Det kunne jo gjere ein skilnad.
Sånne ting spelte inn!

Det er så rart med det.



TATEREN

Taterane var noko for seg sjølve.
«Dei var fargerike» - plagg på plagg…
Og ringar både på hender og i øyra. Svartøygde var dei, og brun i hud. (Sjølv om nokon var så bleike som bein, og auga lyste himmelblåe.)
Men kunne dei lage takrenner, og bøtter og spann og kakeformer og vispar?
Hø ! - som ein leik! –

Men skulegang?
Nei, det…

Første etterpå fekk vi greie på dette med tvangssterilisering
Karl Evang og landsfader Einar …
Mykje seinare !
For Evang var jo…
og Gerhardsen
Det var jo velstand og vekst med dei! Det var slik det var!
Landsfader far!
Det er stort det!
Mykje seinare!

Men, for seint!



MOHAMAD PÅ TV!

Det er krig! – Langt-vekk-istan – (1967)
Ein gut på hans eigen alder, hamrande på eit framandt språk –
Og han skjøner!
Plutseleg innsikt!
Gamle, støvete kle, svart hår, kvite tenner, ein ball under arma.
Songen gjallar ut over byen – skvett med TV-koppen.
Guten ler.
Minareten berre! – Bønerop for Allha. Tårnet ved moskeen!
«I Guds, den Barmhjertiges, den Nåderikes namn»

Er det krig?
– spør han, eller var det eg?
Ja, krig, alltid krig!
– seier mor.
Guten kallar seg Mohamad, smiler, sprett ballen i den støvete gata. Krigen er stille det meste av tida, men han er farleg for det.
Det er i stilla han er mest farleg!
Spretter ballen igjen.
Finst ikkje hav, finst ikkje fyr, berre sand og minaretar
Mor ! –
(Eg vil springe heim!) Slå av!
Men orda sit fast!
Dei kom aldri ut!
Skjermen, ein magnet!

Guten ventar - ropar – på språket sitt som også er fotballspråk.
Mellom ruinar, ein by av sementrestar og armeringsjarn - bombar og granatar - avfall og blod - størkna von langs gatene - forvilla bønerop ble borte mellom piggtråd, sprengde øyrer, dirrande luft.

Bombene fell ein stad –
kom!
Mohamad ler.
Ler du? Er du ikkje redd?
Jau, eg er redd, men det blir som Gud vil.
Kom no!
Som Gud vil? Om du døyr då er det Gud som vil det? Er det slik?
Ja, klart det. Det er alltid Gud som bestemmer! … og Ibrahim!
Ibrahim? – er han også ein gud?
Nei, bestefar til Aleeza!
Kvifor?
Han er den eldste i byen, som lever, så klart!
Min bestefar er død, som dei andre sine.
Dei som dør er martyrar.

Vi kan snakke meir etterpå. No sparkar vi fotball!

Ballen fyk formålslaust rett til vers – sola brenn trugande midt på himmelen
Tek du han?
Mohamad.
Det heimesnekra målet.
 
Han er budd, sjølv om ballen kjem som ei kanonkule mot plassen, og ikkje eit menneskje i heile verda tør treffe ein ball i slik fart.
Men han fekk treff! Den satt!
Ballen endrar bane 180 grader, og dundrar som eit TV-signal over banen, over gata, gjennom ein leigegard utan ruter, og forsvinn nordover i verda der den eksploderer,
kontrollert,
lydlaust.

Og dei gjekk på leiting etter ein by, berre lågspentliner og steinar - Sand som også var sand før det var hus.
Vil du sjå noko? Spør Mohammad.
Dei går til neste gate, og han skulle angre at han sa ja.
Han, eller var det eg (?) - hadde aldri sett anna enn slakta dyr, men dei var aldri slik som dette, blodige, maltrakterte menneskje-kroppar.

Ingen kan vel drepast meir enn å bli drepne?

I skrekken kjende han ikkje stanken
Berre etterpå – når sansane hadde sortert ansvar -
Han måtte heim!






KVEN TOK BALLEN?
Avsparket var gjort – Ballen hamra mot stoveglas og TV-skjermar, verda over!
Napalm, klasebombar, presidentar, VÅR sivilisasjon! - vilkårleg, kalkulert, kristne verdiar, torsoar, massegraver, piggtråd, tanks, helikopter,
og:
Gud døydde! –
Gjort ansvarleg, til slutt!
Avretta!
Himmelen var brått ledig! –
For postmoderne leik med ingenting !

Vi tok ballen!
Vi flytta inn!



HEIMLAUS

Eg er ein fugl som evig er dømd til flukt!
Ikkje født i eit reir, men ut av ei ukjend hand som har slept meg fri -
Fri til å velje fritt i det fri –
men eg klarer ikkje å velje!
Handa er borte!
Reir finst ikkje!
Heimløysa
leitar -
Seljarane har gode dagar!



KAN DU VARDA MEG?

Kor sterk du er Mohamad !
Di sterke tru, snikra saman av lærd
og ulærd –
ein alt for hard ball å ta imot!

men du har ein heim
kor du enn er
i gata
i leiren
i ruinar
i liv og daude!

Kan du varda meg no?





ENDRING OG OMSTILLING!

Gåstolen,
dødsleiet,
lækjaren
er alt produsert!

Gravskjendaren er
eit embryo.
Presten er nøytral –
Nokon ryddar i livet ditt!
Du veit det ikkje før det er livlaust kring deg –
I deg!



SISTE ØNSKE

Vi kan synga gamle songar,
dei du hugsar!

Vi har tiltak!
Vil du bli donor?

Nei, eg vil skriva eit dikt!
Eit dikt? - Penn og papir?
Nei, PC – stort minne!
Eg vil berre sitja her til det kjem –
Veit du kvar du er?
På kaia!
Overberande ro – kaffi og Laptop.
Ikkje søl på tastaturet!
Unnskyld?
Bokstavane!
Å, bokstavane! – Nei, dei skal fange mellomroma mellom tinga - tinga og oss - mellom oss og oss - og oss og naturen. Vår mor!
Dette blikket ! –

Vi skårar høgt på «LIVSGLEDE»,
her på huset!

 
Ventar! Knitrande stilt. Fjerne kjøkken-tonar –
Det må koma ein gong – !
Det må vera på rim – då vert det hugsa betre!

Eg hugsar salmar!

Dei yngste hugsar best !
Det er mitt siste ønskje!



 

BILLIG

Vi ville ha hage på taket, ulv forvist til Sibir, sensorar mot fellesskap!

Gud skal vera ei stamcelle!

Kan eg synast frå Mars?
Eg vil kjøpe vinteren! –
hauste såkorn –
gå på tomgang!

Eg vil drepe i 3-D,
bli sått for vinden,
leve pluralismen!

Eg er alt for billig!



KOPI

Vil du gå tur? - Det vart fint i sentrum no –
- Toskeskap!
Sentrum?
- Ja, sentrum!
Verda går framover veit du. Vi treng noko nytt! Det er urbant! Kom skal eg få på deg jakka!
- Det er ikkje nytt, det er kopi!
Nei, sjå no kor du går!
Du får aldri bygda igjen! Verda går vidare!
- Nett difor kan dei finna på noko nytt!
Kom no!

Sjå framover, så du ikkje snublar! Her er døra! Nei, solbriller! Det er ikkje sol!
- Fint!
Du vil ikkje sjå?
- Nei!
Ta handa mi då!
- Takk!
Den ser fin ut!
(Ho smiler - røynd helsearbeidarsmil.)
Men ho er ikkje heilt ny!
- Det gjer ikkje noko.
Kvar hand er noko for seg!

Kryss JA, NEI, eller VEIT IKKJE !

Bør julesongar verta forbode?
Er ei russetid på tre år for mykje?
Bør ein like danskar?
Er fastlegen din ei kvinne?
Bør det koma forbod mot nynorsk?
Er du gamal?
Veit du ikkje kva kjøn fastlegen har?
Bør bjørka blomstre på våren?
Bør vi avvikle utkant - Norge?
Vil du ha fri jakt på gaupe?
Veit du namnet ditt?
Veit du kven du er?
Veit du kvar du er?
Veit du kor du kjem frå?



LAGNADEN

Lagnaden er
at nokon ga oss

grenselaus undring

umetteleg
lengt
 
kven er du som ga oss dette?
Ikkje eitt du, vert det sagt!

Og eg spør:

kva så?

 



DIKT –
(UTKAST!)

Eg sto på kaia og vinka,
Eg var om bord da vi for.
Eg drog og let draumen vera,
låg att då eg gjekk om bord –

Båten la ifrå kaia,
til tider med storm og sol.
Ein var med på den ferda.
Ein skal hugsa kvart ord.

Vegen går ikkje tilbake,
Vegen er alltid ny!
Kan hende det var litt bagasje
som aldri kom fram til din by.

Vi gløymer så lett
når vi pakkar.
Det hastar! – Slik er no det!
Men stundom tenker eg meir og meir:
Vi gløymde å ta oss med!




Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt