Snøstorm

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

Tungt dùnar det ute og bryt og brakar
og myrknar med Tjukkne og Kave.
Det gyv yvi Heidar, og Isar knakar,
og Tordỳn rullar fraa Have.
Dei løyste Magtir um Jord seg trengjer,
og Stormen velter, og Frosten sprengjer,

    og Leid og Led
    vil drive ned,

og alle Vegar seg stengjer.

Og Vargane gøyr i dei høge Urdir
Med Blodskùm um blaanande Tenner;
og Nøkken i Os under Isen lurer;
fraa Grendine Naalugt han kjenner.
Og Havdraug bleik gjenom Ròke luvar
og skrik i Stormen og hæ’r og huar

    og lær so kaldt;
    no fær han alt!

Med Lik seg Marstrandi bruar.

Og Himil og Heid og dei graae Knausar
gjeng saman i Gòv og i Skodde.
Det ramlar i Berg og i høge Hausar;
det kokar um Baae og Odde.
Dei løyste Magtir vil Verdi øyde
og allting rive og allting snøyde;

    og alt som kryr
    seg saman tyr:

skal Live slokne og døye?

Ho ligg og vimrar og ilt seg bèr
og stirer mot graae Rute;
det er dei fæle Risar ho ser,
som tumlar i Skodda ute.
Ho skjelv paa si Sengjepute.

Som Skuggar av Fjell dei ragar ikring
og Hovud i Sky maa sløre.
Dei Himil og Hav og alle Ting
i Hop vil velte og føre
og saman i Gyrme røre.

Ein stend til Live i Havsens Svelg
og rotar det upp fraa Grunnen;
ein ligg i Nord og blæs som ein Belg
med Isgufs or hole Munnen.
Slik Gaphals vart aldri funnin.

Ein annan stend i ytste Nordvest
og dreg inn Skyine tunge;
ei Gyger gufsar som ho kann best
eit Snøfok or fulle Lunge.
So driv ho Vaaren den unge.

Paa Skare-Kula under eit Sva,
der Styggedans gjeng i Joli,
der sit Trollkjeringar tolv paa Rad
og galdrar med Gjèling hóle,
skal freiste aa sløkkje Soli.

Og fær dei Framgang med denne Sak,
so vil desse Risar vinne
og Live slokne med Skjelv og Skak
og siste Dagen sin finne.
Og alt vil daa Isen binde.

Men Soli smiler ovanum Sky;
ho meiner ho kann det herde.
Dei naar ikkje upp med sitt Gnaal og Gny
og Galdresongane svære, —
um aldri dei dette kann lære.



Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt