Snorre

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Med Takk i Hjarta
og Hatt i Hand
      i Tanken eg stend ved di Grav,
du Hovding gjæv
fraa det harde Land
      langt ute der vest i Hav.
For naar her liver
eit Noreg enn
      fraa Stad til Sulitjelm-Nut,
me takkar fremst
utav alle Menn
      han Snorre Sturlunga-Gut.

Me hadde gløymt
baade Mor og Far,
      oss sjølve so hadde me gløymt,
— me hadde gløymt,
at me eingong var,
um inkje du hadde gøymt.
Me rak ifraa oss
vaart Ervegull
      og miste det Skatt fyr Skatt.
Du sanka det saman
i Kista full,
      og so du gav oss det att.

Daa Noreg slepte
sin eigen Ror
      og miste Leidi so reint,
daa synte du,
kvar me eingong fór
      og dengong stemnade beint.
Der Geysir frøste,
og Hekla skolv,
      der vart det ditt heilage Kall
aa løda Bord
til det nye Golv
      i Noregs sjølveigne Hall.

Naar her me byggjer
i hugheil Tru
      og tryggjer Heim i vaart Land,
daa er du med
ved vaart Arbeid, du,
      og stend med peikande Hand.
Og naar her liver
eit Noreg enn
      fraa Kjøl og vester til Hav:
vaar Takk, du største
av Islands Menn,
      og atter Takk i di Grav!




Per Sivle - Viser og kvad - forside.png