Snorre Sturlason

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

Med takk i hjarta og hatt i hand
i tanken eg stend ved di grav,
du hovding gjæv fraa det harde land
langt ute der vest i hav.
For naar det lever eit Noreg enn
fra Stad til Sulitjelm-nut,
me takkar fremst utav alle menn
Kan Snorre Sturlunga-gut.

Me hadde gløymt baade mor og far,
oss sjølve so hadde me gløymt;
me hadde gløymt at me eingong var
um ikkje du hadde gøymt.
Me rak ifraa oss vaart ervegull
og miste det skatt for skatt;
du sanka det saman i kista full,
og so gav du oss det att.

Daa Noreg slepte sitt eige ror
og tapte leidi so reint,
daa synte du kvar me eingong fór
og den gong stemnade beint.
Der Geysir frøste og Hekla skolv,
der vart det ditt heilage kall
aa løa bord til det nye golv
i Noregs sjølveigne hall.

Naar her me byggjer i hugheil tru
og tryggjer heim i vaart iand,
daa er du med ved vaart arbeid, du,
og stend med peikande hand.

Og naar det lever eit Noreg enn,
fraa Kjøl og vester til hav,
vaar takk, du største av Islands menn,
og atter takk i di grav!



Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt