Soga

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Du gamla Soga,
som stødt er ny
      og frisk som ein Jonsok-Leik:
naar Hugen vabbar
i Haustar-Dy,
      daa kjem du med Vaarsols-Kveik.
Du syner Livet
i Vokster-Drag,
      du stydjer og du gjev Raad,
du provar, at enn
hev me aukande Dag
      i Verdi til Lukka og Daad.

Ja, Soga i Bok
og Soga paa Munn
      og Soga i Jord og Stein,
du manar oss Liv
paa knause-hard Grunn
      og Hold paa dei berre Bein.
Du ter oss oss sjølv,
som fram ifraa Rot
      han voks seg, vaar Livsens-Streng.
Du er ei Lykt,
eit Ljos fyr vaar Fot,
      der vidare fram me gjeng.

Di skal du benkjast
som Oldemor
      paa sømdaste Sess me finn.
Me høyrer med heilag
Gaum dine Ord
      og gøymer deim i vaart Sinn.
Me veit, dine Augo
vaktar med Hug
      kvart Stig me i Livet gjer.
Me blotar deg Offer
av Heiders-Dug,
      der Framgangs-Ferdi me fer.




Per Sivle - Viser og kvad - forside.png