Sogor: ein bundel - Ein triskilling

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

I[rediger]

Soga som eg no vil fortelja, kjem til aa krinsa um ein triskilling. Men skulde nokon finna at soga vert for lang etter ein krins so vesal so fær han hugsa, at um triskillingen var liten, so var han daa rund; og i slik ei runde kann snaapaste foten springa lenge fyrr han stend skorfast.

 Paa lag ein halv fjordungs veg fraa heimen min ligg det ein gard dei kallar Vindheim; der hev det vore skysskifte mange manneminne nedigjenom. Garden er vidgjeten nok, skulde eg tru - som no inkje under er; for utsyn so villt og stort som der kann snaudt nok annan bustad i Norig bjoda maken til. - Dei hev bygt eit stort, grust hotel der, no - uppe paa haugen der potet-aakeren hennar Lars- Brita laag i gamle dagar.

 Det er - lat meg sjaa - tjuge aar sidan; for no er eg ni og tjuge, og den tid var eg berre godt og vel dei ni.

 So var det daa ein dagen fram paa sumaren eg hugsar ikkje tidi næmare, og det kann no og vera det same. Visst er det, det var blenkjande solskin, steikjande heitt i veret og so turt i vegen, at den graabrune dumba stod høgt etter kvar kjerra som køyrde.

 Burte paa Vindheim hadde folk det annsamt den dagen. Jau, for det var kome eit heilt fylgje med storfantar og fentor - kvar dei no var ifraa - som skulde hava fire, fem hestar og kjerror i skyts.

 - Og der for dei og flaug alle desse, taut og buldra og skreik, so det snaudt nok til manne-maal var høyrande, dragsa og drog paa kistor og byltar og alt det som til kunde vera. Han gamle Ola Vindheim sprang med sine krokute kne i sylvspente skinnbroki kring millom deim, greidde og rettleidde alt han vann. - Medan dei tvo einaste som i denne kavande mylska enno saag ut til aa kunna taka verdi nokolunde med tol, var granneguten og jamaldringen min, han Sjur-Ola, og so eg sjølv; og eg heiter no Per, eg.

 Eg var lett um hjarta og lett paa foten den tid, som inkje under var; eg hadde inkjevetta aa syta fyre. Skjorta og den vesle skinnbroki med boti paa høgre kneet var alle dei plaggi eg paa kroppen hadde, so det skulde just ikkje tyngja so stort det heller.


 Han Sjur-Ola er no longe faren til Amerika han, ja. Han var ikkje meir enn attan aar dengong han gifte seg og strauk av garde. Vaarherre maa vita um han enno liver og hugsar meg. - Han var den beste venen min i denne verdi. So gode vener var me endaa til, at alt det me hadde aatte me ihop, var tvo um det. Og eg skal tru det var ikkje so reint lite me aatte heller; uppe i urdi rudde me oss den eine glupe garden etter den andre, og hus og hyttor bygde og grov me oss baade her og der burtetter. Kyr og geiter dreiv me drift etter drift heim av fraa elvgranden; der var det nøgdi av fine kusle-steinar; og hestar stod me heller ikkje i beit for - deim spikka me sjølve. - Dei eldre gutarne, vissa han Salamon Røysi, hadde tidt og traatt freista gjera ugreida millom oss so me kunde koma til aa slaast; men jamenn vart det liti lika for umaken dei der fekk! At me tvo kunde vera anna enn gode bussar, det sveiv oss visst aldri korgje.

 No ja, som me daa stend der med handi i broklumma og bisnar burte i tunet paa Vindheim, han Sjur-Ola og eg, der veit me kje ordet av fyrr det kjem ei stormannsgjenta trippande beint bust innpaa og gjev seg til aa prata. Eg minnest henne enno so ljos livande; ung var ho og bleik var ho, smal um midja som du skulde set ein kvefs, og so med eit heilt røyve av svart krullut haar kring hovudet.

 Men inkje ordet til svar fekk ho, og det av den gode grunnen at me ikkje forstod eit einaste mukket ho sa. Han Ola saag paa meg, og eg saag paa honom; so stakk eg sleikjefingren i munnen, og so gjorde han det same; og der stod me.

 Det kann no endaa raaka den skripnaste det, aa kjenna seg klumsa naar han stend framfyre ei ung væn gjenta; og visst er det, at eg ofte sidan paa mi livsferd naar tilhøvet var det same, heldt paa fara plent like eins aat.

 Nei, kor ho daa log! - og fine kvite tenner hadde ho, det saag eg -. Tok ho so til aa svalla paa nytt lag, peika og gjorde minor alt det ho berre vann hitta paa. Og so skyna me daa seint um sidan at det nok var meiningi me skulde stad leita uppatt eitkvart ho maatte ha mist paa vegen uppyver. -Jau, det var me viljuge til paa timen. Og burtetter la me so dumba rauk um dei berre solbrende leggjerne vaare.

 Like ved Vindheim svingar postvegen kring ein stor rund haug, medan ein snarveg sting tvert yver. Dit fram var me komne daa me høyrde det ropa attum oss: "Benveien! Benveien!"

 Benveien? - kva var det for noko?

 Jau, det maatte vel vera det same som "beine vegen" det, meinte han Sjur-01a, og tok foten fat aa nyo.

 Men kor det so bar til, anten no eg var litevetta meir maal-gløgg, eller ein ande kviskra meg noko i øyra, nok er det, augneblinken etter for eg kilande snarvegen upp. Og der, øvst paa haugen, kom eg frampaa ein fin klut eller noko sovore, som eg straks skyna var det eg skulde hava tak i.

 Den som vart fegen var eg!

 So attende i tanande spranget.

 Gjenta ho vart no so blid som ei smørøskja ho, maavita, daa ho fekk kluten sin att, klappa den raude runde kinni mi med den fine kvite handa si, og sa at eg var "en sød rask lille dreng", - det einaste av pratet hennar eg med naudi forstod.

 Og so var det daa at ho i finningsløn gav meg triskillingen.

 De maa no ikkje tru det berre var ein slik ein som triskillingar var det flestalle. Sjølv hadde eg aldri i mine dagar maken set, og han gamle Ola Vindheim og sønerne hans, han Knut og han Jens, sa for seg det same, endaa so mangfelde skillingar som no dei fekk fat i av folk som etter vegen reiste og rak.

 Eg ser honom enno den dagen i dag so klaart framfyre meg slik som han laag der i handi mi og gleim i solskinet, so blank, so glitrande blank. Paa den eine sida stod der ei løva med ei øks i labbarne, og beint uppyver var der ei rosa som dei sa meg var kongen si eigi kruna. Men paa den andre sida stod der eit stort 3-tal, som var so framifraa spøkje lage, at ikkje fyrr var skillingen snudd halvt rundt fyrr 3-talet vart til ein "E", paa lag maken til dei han gamle Lars, skulemeisteren, skreiv. - Det varde lenge fyrr eg kom etter at det same nok let seg gjera med andre 3-tal og.

 Jau, her var just brigde med mynti i dei dagar, det seinste framfyre at me fekk krunor og øyre, og no var det fyrste gongen me der i bygdi fekk dei nye sylvskillingarne aa sjaa. Kann henda var dette fraa fyrst mykje grunnen til den brennande elsken eg la paa den triskillingen.

 - No, so kom daa han Sjur-Ola, han og ein gong, attende. Litevetta flat um nosi var han, etter di han inkjenoko hadde funne; men daa han so fekk høyra og sjaa kor mykje heppnare eg hadde vore, jau daa vart det gleda paa guten.

 Det stakk meg i hjarta, og eg kjende som ein tung stein siga meg inn paa bringa; - for eg kunde berre altfor vel skyna han trudde det var noko sjølvsagt noko at triskillingen og var med i sameiga.

 Ikkje den ting paa Guds grøne jord tottest eg vita meg som, eg ikkje gjerne var halvt med honom um, - naar berre, berre eg fekk eiga denne eine for meg sjølv. Og endeleg so tok eg, bakkande og stamande, til aa orda ut um at eg laut hava han aaleine. Men paa det øyra vilde ikkje han Sjur-Ola høyra - ikkje so aa forstaa at me skulde byta sund og so skifta, - var det likt seg! -nei, men me kunde hava han kvar sin dag, vel? eller kvar si vika? - eller og gøyma han einkvar staden der me baae tvo kunde ganga sjaa han so ofte me hadde hug?

 Eg veit eg gjorde kva eg kunde, eg, til aa faa han Ola paa andre tankar; ei gamall massingslira og ein avbroten lummekniv - tvo av dei dyraste eigneluterne vaare - baud eg honom hava fritt for meg. Men meiner du det bata det heller - han stod stød paa sitt det same, han.

 "Ja, men du veit daa det, vesle Ola, at det var eg som fekk han."

 Fekk han? - ja, berre han og hadde kome paa dette med den fille "benveien", kunde alltid han vore like so nær som eg; so skillingen var ikkje meir min enn hans, meinte han.

 So tok det eine ordet det andre, daa.

 Og stutt er aa segja, at ein augneblink etter hende det utrulege: me fauk i toppen paa kvarandre og slost so beistende illsinna som berre dei beste bussarne kann det naar fyrst det bryt laust deim imillom.

 Noko sovore som ei lumma fanst ikkje paa min syndige kropp; so eg var truga lata munnen gøyma triskillingen daa eg skyna der vart anna bruk for nevarne.

 Du og du so me nappast! - Haarfillorne berre fauk burtetter. Eg fæler at han var vel so evlug han; men so var eg mykje meir spretten, eg. Best som daa dette stod paa, der var eg eldende snaap setja til slaa krok; og der laag me baae tvo, han under og eg uppaa. Men fekk han so ikkje tak med tennerne i eine armen min, meiner du, og beit i so det var som skar det meg tvert igjenom. Eg var like ved skulde setja i aa gaula, men hugsa paa at daa vilde skillingen strjuka sin veg med same. Beit eg so tennerne ihop, sette honom tumetottarne attum øyro og klemde til alt det eg orka. -Og det muna; han slepte taket og sette i ei forfælande beljing. Eg upp og av garde, og han etter; gret gjorde han, banna, truga og grytte stein; men i laup var det honom uraad naa meg.

 Burte i Vindheims-hagen torde eg endeleg stogga og anda ut. Blodet tok smaatt um senn til aa kolna, armen sveid so brennande ilt, og eg kjende ein diger klump veksa fram i halsen min, naar eg hugsa at no var eg og han Sjur-Ola ikkje vener lenger. Men kor som var, triskillingen hadde eg berga; og so fekk det andre vera som det kunde.

 Eg kann her med same segja ifraa, at med han Sjur-Ola og meg greidde det seg att vonom fyrr; endaa eg fæler venskapen vaar etter den dagen aldri var so fulltrygg.

 Jau, eg var daa endeleg heime att. - Og der vart bisning paa skillingen, skulde eg tru! Taka i han var det med naudi nokon fekk; men synte han fram gjorde eg, snudde og vende han paa alle leider framfyre augo deira. - Nei, so det var slik dei nye pengarne saag ut. -Og byrg var eg!

 Han Ola, lausekaren, vilde plent kjøpa han av meg - han var no jamt so snak, han, etter alt som berre det var noko serlaga ved. - Fyrst baud han meg tvo skilling, gnikaren! so tri, og sidan endaa fire. Men eg er viss paa eg vilde ha sputta etter handel, um han so hadde bode meg alle dei svarte koparpengarne han gøymde i den store laaspungen sin.

II[rediger]

Den sumaren skulde bispen koma og halda visitas der i prestegjeldet. Og daa skulde der møtast paa kyrkjegolvet og gjerast greida for kva baade kulemeisterar og born kunde.

 So ei stund etter eg var heimattkomen den dagen der kjem han gamle Lars, skulemeisteren, stigande inn i stova med vesle raudmaala skrinet sitt i eine handi. -For me skulde hava skule ei vikes, tid til aa friska uppatt fyrr bispen kom. - Skulen var paa umgang den tid, og no skulde han haldast der i huset hjaa oss.

 - Han gamle Lars, skulemeisteren, ja! - eg lyt fortelja litevetta um honom. Det var mykje til kar, det. Sine gode tri alner høg var han, endaa han longe var yver dei sytti aari. Han var heller tunn og skrinn av vokster, hadde eit reinskore andlit der tvo utifraa klaare og milde augo lyste upp framigjenom dei store runde sylvgjerde brilleglasi; og make til røyst som hans, so traust og blid og god samstundes, hev eg enno snaudt nok høyrt. Ei serlaga gaava hadde han til aa taka livet med tol, bude i sorg og gleda. Men so var det daa heller ikkje korkje vitet eller lærdomen som vanta, trur eg! Dei vilde vita han kunde bibelen utanboks fraa perm til perm; - so ikkje presten sjølv jamvel turvte koma der kjøpa saapa! - Han vilde gjerne supa litevetta naar det raaka vera tilhøve; men fyrst han fekk noko i hovudet vart han no so makelaust lentug, daa, at han fekk det til aa vera berre moro og logje alt ihop. - Det var gode halvhundrad aar no sidan han tok til aa vera skulemeister og klokkar; so flestalle der i bygdi hadde vore skuleborni hans. Og heldt utav han gjorde dei kvar han kom; det vart høgtid i huset naar han gamle Lars, skulemeisteren, synte seg i døri.

 Eg for meg var no so reint framifraa gode venen hans, eg. Naar skulen var heime hjaa oss, var det ikkje raad for anna enn at me skulde liggja i same sengi um natti me tvo. Og so forviten og snak etter alt han kunde forteIja var eg, at endaa so svevnkjær eg var elles um kveldarne kunde eg liggja ljos vaken lyda etter til langt frampaa, naar han laag røykte paa pipa si og svalla og svalla. Og ikkje min eigen far jamvel hadde eg so hugheil ei tru til som til han Lars.

 - Ja, so kom daa kvelden - men samstundes og ei ny møda; for no stod det um inkje mindre enn eit gøymsle der eg ottelaust torde lata triskillingen vera natti yver.

 Fyrst la eg han i ei liti øskja som eg sette burt i kraaskaapet, innanfyre den store blome-maala lummeflaska hans far, - for eg visste at nokon kvar der i huset tok seg vare koma næmare enn dei turvte innaat henne. - Nei, so dugde ikkje det! Kleiv eg upp paa kleve-loftet, sette han i ei veggjesprunga inst i myrke kraai attum peispipa. Aa nei! - det varde ikkje lenge fyrr eg atter tok han til meg. - Men eg skynar ikkje kor det bar til at eg sidan fann paa balla han vel inn i ei filla, som eg so gøymde i taai paa ein gamall sko ute i gangen. Endaa truleg maa eg vel ha tenkt, at seinast vilde nokon finna paa leita der.

 -Jau, so la me oss daa. - Skulemeisteren var sagte trøytt, for han sovna med same, han.

 Men for fyrste gongen i livet heldt umsuti for dei ting som høyrer denne verdi til, augo mine opne; - eg laag tenkte paa triskillingen. Det rann meg i minne ein lang fæl fant med ein stor sekk paa ryggen som hadde vore der um dagen, og som nok kunde vera truande til noko av kvart. Kva han var god til aa nasa upp, og kvar han no heldt til - det kunde ingen vita! - So tok hunden og katten paa aa slaast ute i gangen, og halda eit syndeleven med alt som der laust laag. - Eg stod ikkje i det lenger, eg taut upp og ut. - Skillingen fann eg let berga der eg hadde lagt han; men til aa vera heiltupp trygg tok eg han med inn og under hovudputa. -- Og so endeleg sovna eg. - Det var langt fram paa dag daa eg vakna morgonen etter; - skulemeisteren var alt upprisen han. -Fyrste tanken min gjekk til triskillingen; og hovudputa upp. - - - Kva? - - - kva slag? - - - han var der ikkje?! - - - Eg kjende som hjarta mitt stoppa og so hamra laust att som skulde bringa sprikka, medan kaldt og heitt gjekk i elingar nedyver meg. - Og tru no nokon kann gissa kva ein djevel so kom og mulla meg i øyra? - jau, ikkje noko korkje galnare eller vitugare enn at skulemeisteren var tjuv.

 Eg skunda meg straks syna freistaren vintervegen; men han var ikkje bljug, han kom att han. Fekk han meg so til aa trætta med seg, finna fram alle dei grunnar imot som eg berre var kar hitta paa. - Men daa varde det heller ikkje lenge fyrr han heiltupp hadde meg i lumma si. Det var ikkje aa beda for anna, skulemeisteren laut og laut vera tjuven. - For - kvar hinn! - kunde elles skillingen vera stadkomen? - Og kvifor var han just i dag so tidleg uppe, gamlingen? -han var no ikkje van vera morgonfugI, visste, eg. Huhu, so det var grusjelegt! Eg hadde enno aldri kjent kor ilt duld styggetru kann gnaga; og no var det endaa-til min eigen kjære gamle skulemeister som den vonde i løyndetanken beit seg tak i.

 - Eg var no so ung eg enno at eg ikkje for den skuld turvte møta for bispen; men dei hadde skipa det so at eg likevel skulde.

 Fram paa dagen vart det skule, og det var ute i nystova.

 Stillvore og trufast gjorde skulemeisteren fyrst ei liti bøn; endaa eg totte han kremta seg fyrr han tok til, meir enn han var van. So song me eit salmevers; - og eg var kje viss um daa at han ikkje skolv noko underleg i maalet. Sidan tok me fat paa katekisma.

 - - - "Kann du, Sjur Hagen, lesa meg det syvende bud?" raaka skulemeisteren til aa spyrja. - Det for igjenom meg, og eg kjende kor eg raudna heilt upp i øyro daa eg endeleg tok meg ihop og saag honom inn i andlitet. - Tru ikkje samvitet no skulde slaa han? - Nei, det var ikkje noko merkande til dess, ikkje; dei klaare augo hans skein meg imøte igjenom brilleglasi so rolege og blidlege som nokosinne. Var det raad at eg likevel tok i miss? - aa tøv! - for korleis so, etter som heile tilhøvet var ? - - - Men du, aa du so uppjagd og slog den karen maatte vera!

 "Nu, Sjur ? nu? Hev du reint gløymt din katikismus, no? - - - Lat høyra, kann henda du, vesle Per, kunde gjera skam av honom, endaa so stor og lang han er." - Men det var meg plent uraad faa so mykje som eit einaste mukket fram or munnen. - - - "Det syvende bud, Per? det syvende bud? - - Du - - skal no daa? - - du skal –"

 "Du skal ikkje stela!" braut det utor meg medan eg tok til aa bivra yver heile kroppen. – "Det var rigtig, ja! Du skal ikkje stela ! - - du skal ikke sjele, ikke - stjele - - saadan er det, ja.

 - - - Er du kje frisk, vesle Per?" sa han. - Nei eg - - hadde litevetta vondt i hovudet.

 - Ja, so skulde eg hava lov ganga ut, daa.

 Men meiner du eg var god til aa vera lang stundi ute heller! Det var som noko drog og drog meg tilbake; og snart sat eg inne paa benken att. Eg passa sidan um dagen trutt paa aa halda meg der skulemeisteren var.

 Men kvar kunde han vel - gamle tjonet! ha gøymt den stolne skillingen? - Det var dette eg gruna paa.

 Fram ved middagsleite kom det ein kramkar reikande. Skulemeisteren kjøpte ein blyant han, og den som hadde augo med seg daa han tok upp gamle skinnpungen sin og skulde betala, det var eg det. Men daa han riste pengarne ut i handi si var det vandelaust sjaa, at der var triskillingen ikkje imillom.

 So burte i skrinet hans daa! upp i lædiken ! Den som no berre kunde faa tak i lykelen ! - Han gjekk allstødt klædd i ein sid blaa frakk, gjorde skulerneisteren, og eg visste fraa fyrr at han pla hava den lykelen i ei liti baklumma utanpaa eine flaket; det var endaa klaff med ein knapp i nedyver.

 Jau, daa han so sat fekk seg nonsmaten sin og me tvo var aaleine inne, der vart eg stird at frakken hans hekk so framifraa lagleg ned attanfyre benken.

 Det saud meg fyre øyro, det slo trummeslag i brjostet, og eg kjende som nykte og stakk det meg i fingertupparne. - Det fekk ikkje hjelpa, eg laut freista!

 Gjekk eg der daa att og fram, sulla og tralla og lest som inkjevelta, krabba paa golvet med leikorne mine, -til eg smaatt um senn var komen stad, dit eg vilde. -Men ja menn kipte eg bude ein og tvo gongjer handi til meg att, som hadde eg brent meg paa den lumma. - Endeleg so var daa knappen løyst; - - stilt - stilt med tvo fingrar nedi, - - - og der kjerm litle lykelen upp og er gøymd i knytteneven min, - utan at skulemeisteren hadde merka dusti. - - At han daa ikkje kunde eingong faa ete ifraa seg ! - nei, aa nei, so eg stunda! Eg talde bitarne i han, og dei vart mange, og syrgjeleg seint gjekk det. - So var han seint og sidan reidug daa. Men so var det denne fille pipa! han bles, og han kara at, han kara ut,- og han bles so eg trudde det aldri skulde faa ende. Eg heldt ikkje ut aa sjaa paa lenger, eg skunda meg paa døri.

 Jau, der kom han ruslande, og tok vegen burtetter Grindateigen. Eg inn, lykelen fram og i laasen; skunda meg skulde eg, og skolv gjorde eg so handi mi dilla. Men meiner du so det var raad faa den fillelaasen upp! -Laag der ein liten kjepp; den stakk eg inn i lykelauga og vreid til. "Knakk!" - der sat lykelen fast. - No fyrst vart eg rædd so det muna, reiv og sleit i lykelen gjorde eg alt det eg evla; men han sat som var han skruva, han. - - . Tig no! - der høyrde eg nokon ute i gangen; og den som so tok foten til vara, det var eg.

 Ei stund etter kom skulemeisteren tilbake, hadde ærend ned i skrinet sitt, - og kom so etter at lykelen sat i laasen, pinnande fast. Og der vart eit leven! det var som heile garden kom til aa staa paa ende daa det vart spurt at nokon hadde vore i kast med skulemeisteren sitt skrin. Dei. tok meg og fyre seg; - eg! var det likt seg! og sidan eg aldri var van ljuga slapp eg med sovore.

 Slutten vart at han vesle Jens Røysi, son til eine busmannen vaar, fekk skuldi. - Far hans stod slo paa ein teig straks nedan husi, og han Jens og ho Anna, syster hans, var jamt vane vera med, dei tvo, naar foreldri var i arbeid hjaa oss; for der vanka gjerne einkvar godbiten daa.

 Det hjelpte ikkje alt det vesalle gutungen la skuldi fraa seg og tuta og gret so hjarteleg ilt. Ho Kari, sumargjenta, kunde segja ifraa ho hadde set han ganga lurra for seg sjølv inne i huset for ei stund sidan; og so var det no dette, at han var av tjuveslag og, maavita. - Jau, der kjem faren sendande; for ho Anna hadde sprunge stad sagt det, ho. - Aa du, aa du for lyvjing og gauling! Han hadde sagte slege stakaren reint helselaus, hadde ikkje skulemeisteren lagt seg imillom. "For fyrr vil eg sjaa han liggja daud paa flekken framfyre meg, fyrr han skal enda i graatrøya som morfar hans gjorde!" skreik han.

 Eg kjende ei pina der eg stod so det var som brann det under føterne mine. Han vesle Jens, armingen - eg visste ikkje alt det gode, eg vilde gjera honom, no etterpaa; eg stakk til honom sukkerbitar og leikor, og freista trøysta honom alt det eg vann. Men daa han tusla heimatt kunde eg endaa lang veg attende høyra kor hjartevondt han hiksta og gret der han gjekk.

 - Medan dette stod paa var ho Olina, tenestgjenta, inne i nystova og reidde upp sengi; ja menn laag so triskillingen der paa sengjetilet. - Glad vart eg, det skal vera visst!

 Men samstundes vart og samvitet vake, so det forslo. Eg hadde no elles ikkje for vis vera so beinkesam just; men det var reint umfram som eg den kvelden stod paa naaler for gamle skulemeisteren. Pipa laut han lata meg blaasa ut, stappa og kveikja alt i eitt, so eg paa seinsten heldt paa brjota meg av all den tobakssmaken. - Og blekkhuset hans - ein ervelut etter gamle provsten Koren - tigga eg meg lov til aa reinska. Annsam som eg var slepte eg no det ned so det rauk i bitar. Men det var daa likevel alt saman so utifraa vel meint.

III[rediger]

Eg kjem no i soga mi til den bolken um kjærleiken; for desse kvinnfolki lyt no gjerne vera med i alt her i denne verdi.

 Jau, det var just paa denne tidi at hugen min fyrste gongen stod i loge for ei gjenta si skuld. Eg kunde gjerne fortelja at sovore aldri sidan hev hendt meg; men folk er no jamt so kloke dei, maavita, og eg føler dei ikkje vilde tru meg kor som er, og daa var det liten mun, - so eg vil heller lata det vera.

 Eg hev tidt og traatt baade høyrt og lese at kvinna er det glupaste skaparen hev laga. - Og dette kann gjerne so vera. - Visst er det, at noko so fint og i alle luter framifraa som ho vesle Eli Lunde kunde eg ikkje for augo mine sjaa den gongen. Ho var paa lag eit aar yngre ho enn eg, og det var i skulen vinteren framfyreaat at ho fekk so fast eit feste i hjarta mitt.

 Eg hugsar henne vissa som ho ein morgon kom inn i skulestova ho og systeri. Kaldt i veret var det, og innefugga var ho so snaudt nok nasetippen var sjaaande. Men daa ho so fekk løyst av seg den store graa-rutute hovudduken og stod der blenkjande med sitt smørgule haar, rundlagd og raud i kjakarne som eit eple, lumsig og god, men endaa so sprettande hortig i gule skinntrøya si med kvite ullfalden nedantil, og med stutte, blaae stakken sprikjande kring leggjerne, som i høgraude sokkar stakk upp or dei tvo halvstyvlarne, - ja, daa var eg seld med same! Fraa den stundi stod det naglfast i hugen min, at ho og ingi onnor skulde vera gjenta mi.

 Eg kunde ikkje anna, eg laut hava ein aa fortelja det til; og det sa seg daa sjølv at det vart han Sjur-Ola.

 "Ja, so kunde eg taka henne Aasa, eg," sa han; det var systeri det.

 Ja, det maatte han meir enn gjerne; og me tvo verbrørne gav daa kvarandre handi paa dette, aalvorsleg og stødleg som dei vaksnaste karar.

 Eg hadde høgtid eg naar eg kunde vera der ho Eli var; det vart som sundag med sol um sumaren berre eg saag henne. Var andre i laget med, vart det med naudi eg fekk maalet upp for blygsla; men høvde det so me var for sjølve oss, daa kann det vel henda der var liv baade i prat og leik ! Vera henne hjelpen og beinkesam, bera tina hennar, brøyta veg igjenom snøskavlarne naar me gjekk i skulen saman, det var min største hugnad. Var det noko ho bad meg um - og det var ho ikkje bljug for -, var det sjeldan eller aldri eg vann segja nei. Ho skyna nok berre altfor vel, trollet, at eg lika henne serlaga. Og som ho kunde finna paa pina meg naar det fyrst sveiv henne! Det var soleis ein dagen fram paa vaaren at lensmanns-sonen, han Knut, var burte paa Lunde i fylgje med far sin; og eg var der og. Me var jamaldringar, eg og han Knut. - Jau, so var ho so stor paa det daa at ho ikkje lest sjaa til den sida der eg var eingong, berre gjekk dragsa med honom, skulde syna baade dette og dette; det saag endaa ut som eg snaudt nok skulde hava lov vera med, eg. Paa seinsten vart eg so arg at eg egla meg i basketak med han Knut og smurde han dugeleg upp. So vart det paa timen eg daa som var henne den likaste.

 Og eg drøymde og drøymde - vakne draumar um henne og meg, og meg og henne. Tidaste var det ein kjelke med vengjer me hadde oss; ho sat framanfyre og eg bakpaa, og so fauk me stad vida yver fjell og hav, baade til Island, Amerika og Nordpolen, og der slumpa me inn i alle dei hendingar som til kunde vera og vel so det.

 Høvde det seg naar me var ute leika at nokon gjorde henne meinka i eitkvart, so ja menn var eg reidug paa flekken, eg og! Mangt eit blaatt auga fekk eg for hennar skuld, og likso mange gav eg. Um det endaa var større og sterkare gutar, so raaka det gjerne dei likevel fekk smurning; for han Sjur-Ola var jamnaste til stades, og det ikkje ein evla, det kunde tvo. - - - No, daa so sundagen kom og eg vel hadde fenge bisken og flitt meg, la eg i veg burtetter til Lunde, skulde syna henne Eli triskillingen.

 Eg raaka henne nedan løda, der heldt ho og systeri paa spela tolvstein. Og ho totte no det, at skillingen den var reint makelaus gild. Um ho ikkje maatte faa lov halda han i handi? - - Jau - - ho fekk vel det. Stod ho daa der fikla og fingra med han, nidglante han paa alle leider.

 "Du, vesle Per" sa ho, smeikjande blid som ein rjomekling.

 "Ja?"

 "Du kunde gjerne gjeva meg denne skillingen, du."

 - - - Det var som kjende eg ei rennelykkja snora halsen min ihop. Ho saag nok eg ikkje var so reidug som eg pla til aa dansa etter som ho spela; - og der visste eg ikkje ordet av fyrr ho for piltande stad uppyver. Kjørleiken eller triskillingen! Og triskillingen vann. Etter henne kila eg og greip henne; remja seg og skreik gjorde ho, beit meg og i eine fingeren so blodet tippa; men det hjelpte ikkje, eg vreid handi hennar upp og tok skillingen til meg att.

 Endaa ja menn var eg likevel tung um hjarta, daa eg sidan for labbande paa heimveg.


 Men fraa no vart triskillingen meg kjærare enn nokosinne; eg visste kva han hadde kosta meg. For aa vera so trygg det berre var raad sauma eg han fast under ei bot til brok-liningi, men laut fleire gongjer um dagen spretta uppatt og sjaa um han var der.

IV[rediger]

Gjekk det eit par dagar i skulen att. Nettupp som me so ein eftan vart fri, kom han vesle Hans Lundehaugen, skulde sør til kræmaren kjøpa tobak aat far sin.

 "Du var gjerne kar kjøpa meg og ein rull, du?" sa han far.

 Ja, han var daa det.

 Men som no han far tok pungen sin fram talde etter, hadde han ikkje nok smaapengar.

 "Hev du Per aa laana meg so lenge?" spurde han; for eg pla jamnan tena meg einkvar skillingen med aa selja bær.

 Nei, det høvde seg, eg hadde kje solaga no.


 Ho Olina og eg, me tvo var som tidaste ikkje plent dei beste bussarne, og passa gjerne paa gjera kvarandre all den smaameinka me kunde. Um eg ikkje hadde ? meinte ho; enn den gruse triskillingen daa som eg gjekk med i brok-liningi?

 "So berre hit med han!" tok han far frami; der vart snart nøgdi av sovorne no, let han.

 Eg forstod det peika ein galen veg dette, og tok so smaatt paa halda meg burtaat døri. Men han far skyna for vel kva eg hadde i tankar, og gripen vart eg just som eg alt stod paa spranget. Eg veit eg skreik som var ein kniv stungen meg i kroppen. Kva meir eg gjorde kann no vera det same; men visst er det, han slepte meg att, og det snøgt.

 Eg ut, og uppetter den store urdi so fort føterne berre vann bera meg. Straks ovan garden er der ein hardla høg bratt hamar; men fremst framme paa floget stend det her ei stor bjørk, som tøygjer seg like ut yver djupni, greinut og breid. Dit upp paa hamaren for eg og kleiv ut i bjørki, eit vaagespel eg hadde freista nokre gongjer fyrr, men som nok baade den eine og den hin der paa garden skulde lata vera gjera meg etter.

 Sat eg so der millom himmel og jord medan dei heite harm-taaror brann meg paa kjakarne, og saag ned yver verdi som ho laag breidde seg under meg, so urettvis og so vond.

 Ein galen tanke steig meg upp i hausen: um eg no berre ein augneblink slepte taket, - so kunde dei sidan hava takk for meg!

 Og eg tok til aa drøyma meg korleis det so vilde ganga: Fram mot kvelden vart dei illhuga, skulde stad leita. Men naar dei fann meg der i urdi nedanfyre, sundslegen, blodut og livlaus, - ja, so kunde det vel henda der vilde verta syrgjing og tuting!

 Maala eg meg vidare ut korleis dei ein dag køyrde ei liti likkista or tunet. Men han far gjekk baketter, vreid hender og gret: "nei, aa nei! - einaste son min, du vesle Per, du vesle Per! - at eg daa kunde vera so ill med deg?"

 Og eg lo ved tanken ein laatt so haas og stygg at det riste i meg sjølv av fælska.

 - Men so kom eg til aa hugsa paa henne mor, som no var med buskapen uppe paa fjellstølen, kor hjarteleg vondt det vilde gjera henne, kor ilt ho vilde koma til aa sitja graata. - Og ikkje anna i verdi kunde faa hugen min so reint vidje-mjuk, som at eg fekk sjaa taarorne taka til aa blenkja henne mor i augo.

 So var det og den nye luva med dei tvo flugsi i nakken og blanke massing-ankeret paa sida. Det var han Per, morbror min, siglaren, som hadde sendt meg henne heim fraa Bergen; og eg hadde no endaa stunda mykje etter aa syna meg i henne ved kyrkja bispedagen.

 Men det verste av alt var dette, at eg for nokre dagar sidan hadde fenge fat i eventyrboki hans Moe og hans Asbjørnsen, og hadde enno ikkje naatt lenger ut enn til "Grimsborken", som eg hadde høyrt skulde vera so framifraa morosam. - Herre Gud, - det var daa likevel for tungt segja verdi farvel, naar her var so mykje aa liva for!

 Og dagen gjekk sin veg smaatt um senn; og plent det same gjorde modet mitt og. Eg kjende meg med eitt so gaulande svolten, og ein liten freistar tok til aa kviskra: "gjeve Gud eg torde gaa ned faa meg mat!"

 Men verre vart det daa det tok paa dimmast; for eg var so forfælande myrkrædd. Jau, so var og endeleg nede or bjørki att, etter at triskillingen fyrst var godt og vel gøymd i eit trepikkar-hol.

 Og alt som solstripa kraup uppyver den store snø-tinden i sud, kraup eg nedyver mot garden, løynande meg so mykje raad var attum stuvar og steinar.

 Vart det daa umsider so dimt at eg for harde livet ikkje torde vera ute lenger. Og no fekk det skura ! Muneleg stryk kom eg sagte til aa faa; men triskillingen kunde dei no kor som var bita seg i gomarne etter! Ottesam og stillvoren som ein tjuv smatt eg meg innum døri; - nei, ikkje nokon lest ein gong sjaa meg. Eg byrja so smaatt faa voni upp; for eg hadde ja menn venta meg anna i velkoma. - Daa det leid um lite vaaga eg meg burtaat bordet, fekk i meg noko graut og mjølk.

 So smatt eg ut i nystova, smaug i seng, og takka fyrr eg sovna Vaarherre som hadde laga det so godt alt ihop.

 Men den takke-bøni kunde eg gjerne ha venta med til det betre var høve; for so reint snikkelaust var det heller ikkje meiningi eg skulde sleppa.

 Eg var ein ærekjær gnasse, og noko sovore som aa faa tukt i skulen var eg rædd som dauden sjølv. No visste han far dette, og hadde daa vore so utifraa meinsleg beda skulemeisteren "setja meg att" dagen etter, til bot for traaskapen min.

 Fjøren og glad som ein fugl kom eg i skulen um morgonen. Eg kunde paa mine fingrar kvar dusti eg vart spurd, las tridje artikelen i katekisma og um Saul i bibelsoga so det berre saud etter, og visste ikkje av vondt aa segja, og, fyrr fram ved middagsleite.

 "Ja," sa skulemeisteren, "no fær de taka fritimen dykkar, born; - men du Per kann faa lov sitja her, du," la han til.

 Eg vart berre standande munnopen glana honom upp i augo. "Du forstend vel det er meiningi du skal sitja att i dag?"

 - Sitja att? eg? - - - Ja, so med ein gong skyna eg korleis det hekk ihop. Men so saara og illsinna som eg daa vart vil eg ynskja eg aldri meir maa kjenna meg. Ned att sette eg meg paa flekken, og vart sitjande timen til ende med henderne under hoka, nidstira i bordet. Tisking og knising høyrde eg ikring; for det var dei som var ovundsjuke paa meg etter di eg stødt stod meg so godt med skulemeisteren, og no totte dei dette for vel, maavita.

 Borni fekk bod taka nista med ut paa bakken, og skulemeisteren sjølv gjekk aat hi stova, skulde faa maten sin der den dagen. - Um ei rid kom han ut i nystova att, gjorde ei snuning innyver golvet, men gjekk so sin veg utan aa meda eit ord.

 Jau, endeleg var kvildi til ende og ungarne ropa inn att. Naar alle hadde sessa seg, kjem skulemeisteren hit, bed meg lesa det fjorde av bodordi.

 Aldri knystet fekk han høyra.

 So las han det sjølv, tok sidan til aa leggja ut um deim som hædrer fader og moder "at de skulle længe leve i landet", og slutta med aa spyrja um eg no ikkje hjarteleg trega at eg igaar var so ureipen mot han far, som Vaarherre sjølv hadde sett yver meg til at byde og raade".

 Men her raaka han just slaa paa knall-perla. Det var dette som arga meg so beiskeleg at dei vilde velta all skuldi yver paa mi sida, medan eg sjølv etter Guds og mannsens log ikkje kunde skyna betre enn at retten var min.

 Sinna burtimot vitløysa spratt eg upp, slo i bordet det vesle eg orka, og skar i med eit mæle som dirra og peip av ov-ilska: "nei, koke meg, so gjere!"

 Det vart stilt i stova so du kunde høyrt ei knappenaal detta. So giekk skulemeisteren med vyrdsame stig burtetter golvet og ut. Eg visste med same kva dette hadde paa seg; for vart ender og daa ukjurskapen altfor stor, vanka det gjerne stryk paa nevarne.

 Men eg berre beit tennerne ihop daa han kom innatt med eit munelegt ris i handi. "Kom so med henderne, Per," sa han. Og det giorde eg paa den maaten at eg stakk honom baae knyttenevarne beint upp, under nosi.

 Fjetra steig han eit stig attende, saag eit lite bil paa meg, - braut so buska sund og gjekk stad stakk henne inn i omnen.

 No fyrst bar det i graat med meg - ein graat so skakande sterk som eg enno aldri hadde graate; og det gjorde baade varde og rokk fyrr eg kunde halda upp att hiksta og hikka. Frampaa kvelden, som eg sat attum smidja, kavande med tankar so myrke og so saare, visste eg ikkje ordet av fyrr skulemeisteren stod framfyre meg.

 "Er du sint paa meg, vesle Per?" sa han.

 Eg svara ikkje, - kunde det ikkje heller, for eg kjende meg so underleg tjukk i halsen.

 "Hev eg vore vond ved deg? - - - Men eg vilde deg det berre so vel kor som var, - - for du veit daa det at eg held so utav deg."

 So braut graaten min laust aa nyo.

 Skulemeisteren tok meg paa fanget; og korleis me tvo no sat snakka saman, det vil eg ikkje eingong freista mana fram att. Men det veit eg, at aldri korkje fyrr eller sidan saag eg ei taara trilla han gamle Lars skulemeister or auga.

 Og paa seinsten sovna eg der paa fanget hans, med ei takksam kjensla av lukka og fred; men so trøytt, aa so trøytt, so trøytt.

V[rediger]

Leid det fram til laurdagen kom; og den dagen var det me skulde møta fyre bispen.

 Tidleg um morgonen vakna eg, var ute or sengi og burt fekk i meg bisken i ein ruff; og so bar det aat bekken til aa vaska og skura so grønsaapa sveid i augo. Sidan paa med kyrkjeplaggi, sprettande nye fraa topp til taa, so henderne mine vart maala blaae av lo-liten berre eg strauk meg nedetter den skinande sylvknappa trøya.

 Vesle-brunen var folunge den tid; men endaa han ikkje var meir enn godt og vel ei vika gamall, so ja menn dansa han so det slatt etter der me køyrde burtetter vegen med mor hans fyre stolkjerra. Han visste ikkje, stakar, at han um nokre dagar skulde verta morlaus.

 Det var han far sjølv som køyrde meg, og eg skal tru eg ikkje var lite byrg daa me svinga ned framum kyrkja; der stod det alt bygdefolk store og smaae i mengd.

 "Ja lat meg no sjaa eg ikkje fær skam av deg i dag, guten min," sa han far og kosta dumba av trøya mi.

 Jau, best det var der kjem bispen gangande, bøygd og bleik, med sylvkvitt haar ned under høge hatten, og med gullkrossen blenkjande paa den svarte kjolen.

 Men bakum honom kom presten, feit og breid, um ikkje plent so høgt i veret med nosi som han var van. Og so endeleg den tunne prestefruva med fem eller seks av borni deira trippande etter.

 Hattar og huvor vart lyfte der fylgjet skreid framum og inn kyrkjedøri; so strøymde me andre same vegen til.

 Skulemeisterane stelte seg upp paa kyrkjegolvet, kvar med sine for seg.

 Og so vart det beding og syngjing og lesing og yverhøyring. Det var ikkje greidt aa vera skulemeister heller daa.

 Han Ola Seim var den som fyrst laut i fikten, og endaa so kipen ein kar han elles vilde vera, so ja menn var det sjaaande kor han den gong dilla i knei, aldri so lite han raaka staa still.

 Nei, so var han Anders Jakobsen anna til kløyvar. Fraa fyrst var han no berre fatige husmannsungen paa ein plass under Lunde. Men eit par aar etter han var framsloppen slo presten og nokre bygdemenner seg ihop kosta honom paa lærar-skule, og sidan endaa paa klokkar-skulen sør paa Stord. Daa han so kom heimatt hadde stade ut læra, og vart klokkar i den hi sokni, jau daa var han storkaren fraa ende til annan; - du skulde ikkje anna sjaa enn haaret stroke upp som ein hanekamb, kvit krage og svart kjole med kluft baki, og eit maal tala han, som du skulde høyrt spurnadboki sjølv.

 Det var gut som ikkje var klumsa framfyre bispen heller det. Daa tidi korn spratt han fram paa golvet som ein annan hallingdansar, gjekk so der svinga seg paa hælarne og sveiva med armarne, medan han spurde og preika og preika og spurde.

 Men han gamle Lars aksla seg og kremta seg og tok det med tol som han pla, han. - Naar skulemeisterane vel var reiduge med sitt, korn bispen sjølv tok til aa høyra oss yver. Eg totte han saag so god ut, at eg var ikkje rædd heller daa eg endeleg hadde honom der beint framfyre.

 "Kan du, min lille gut, fortælle mig noget om Jesu fødsel?" Og det var no som tok han handet av ein ertresekk, det. ja, so var daa det so bra.

 "Naa! Nattevagt over deres hjord ved du saa hvad hjord er'?"

 "Det - maa vera ein bøling det," svara eg.

 "Bøling?" - Ja, kva vilde det segja? - han snudde seg til skulemeisterane, som hadde sett seg i stolen straks nedanfyre.

 Og han Anders Jakobsen upp med same: "Hr. biskopen maa undskylde, de taler desværre saa bondeagtigt disse børn."

 "Jeg ønsker at vide hvad "bøling" er," sa bispen, og det so det beit.

 "Jo," svara han gamle Lars, "en bøling er de same som en samling af kvæg."

 No, eg hadde daa svara so serlaga glupt. Og bispen strauk meg yver haaret med den turre skjelvande handi si; "det var kvik flink gut" sa han.

 -Men daa kann det vel henda eg voks der eg stod, eg og!


 Nei, at eg no kann faa fat att i rette traaden i soga mi, so var det dette eg vilde fortelja, at naar me gjekk ut or kyrkja kom der ein framand mann stad helsa paa han far. Klædd var han halvt som bonde og halvt som byfant, hadde brillor paa flate nosi med den uppetter-bretta tippen, og det tunne raude skjegget hekk langt nedyver bringa paa han.

 "Er det han Torstein Kvaale?' sa han laagvore og langdrege.

 Jau, det var daa det.

 "Og mit navn er missions-emissær Anton Samuelsen fra Ryfylke."

 "Det kann raaka det ja," svara han far.

 Ja, han reiste kring sanka studnad til missjonen nede i Zululandet. Han skulde i kveld halda samling paa Uppheim, garden der kyrkja ligg; men so var det dette um han ikkje maatte faa lov gjera det same kvelden etter heime hjaa oss?

 Aa jau, der fekk verta ei raad med di, meinte han far, lova og paa likaste maaten gjera det kunnigt der i heimreppen, og tok endaa skreppa hans med i kjerra daa me sidan køyrde heimatt. Fram paa sundags eftan kom karen reikande. Og etter som det leid tok folket fraa grannegardarne til aa sankast inne i stova, sessa seg paa benkjer og i sengjer og kvar dei elles kunde koma til.

 Store hoggestabben vaar vart rulla inn burt paa golvet; det var preikestolen.

 Det byrja med at framandkaren gav bod slaa upp ein salme; daa so den var sungen, steig han paa stabben tok til aa leggja ut.

 Og ja menn var det gut som fekk røysti upp, daa! Det var som det berre dirra og ylte gjenom stova medan han mana fram det heite helvitet, kor grysjelegt dei ufrelste sjælerne hadde det der, kor diplegt dei skar tenner, banna og skreik naar djevelen og englarne hans slo klorne i deim og duppa deim ned i brennande svaavel-sjøen, so blaabrandute logarne skola og skvatt.

 Men med eitt var han so mjuk og mild i maalet daa han tok til aa fortelja um Vaarherre i himmeriket kor god han var, kor ovleg dei sæle vart fagna hjaa honom uppe i den ljose staden med gator av gull; der gjekk dei ikring i lange kvite klæde, med gullkruna paa hovudet og palmegreiner i henderne, medan den eine gudsengelen fagrare enn den andre fauk til og ifraa, leikande paa gullharpa og syngjande den nye songen um lambet som var slagta.

 Og no vilde han beda oss kvar og ein velja, anten me vilde høyra heime der nede eller der uppe, naar tidi kom at det vart aa segja farvel til denne jordhytta her.

 Men det laut me vel hugsa paa, at berre den fekk ervelut med Kristus som skipa seg etter bodi hans; og no var dette Kristi klaare bodord til oss: aa leida dei arme heidningar ut or villa og attende "til hans hjord og sande faaresti".

 Las han upp or ei bok og orda vidare ut um kor øgjeleg det stod til der ute hjaa heidningarne, og kor naudturvelegt det var aa koma deim til hjelp, som heldt paa stræva og kava med aa kveikja ljos i dette forfælande myrkret.

 Der var, daa han slutta, snaudt nok eit turt auga inne i stova; og som han so let hatten gaa kring, tok baade den eine og den andre til aa leita pungen fram or lumma. Eg for meg veit at ikkje ordet av heile tala gjekk meg i miss der eg sat paa vesle krakken min beint nedan stabben, og klokt i hugen var eg so visst som nokon. Fram paa kvelden høvde det seg so at preikaren og eg kom til aa prata.

 "Elsker du Jesus du, gutten min?" sa han.

 - Jau - - eg gjorde nok det.

 Ja, for Jesus var so snild han, og heldt vissa so mykje utav alle dei smaae. Eg kunde no segja ifraa eg, at eg hadde fem brøder deruppe hjaa honom.

 Um so ikkje eg og hadde hug koma der? For han vilde vona der enno ikkje var noko som heldt mitt hjarta burte fraa Jesus.

 Men kor han kom til aa venda og snu, nok er det, han fekk endeleg vita at eg hadde slik ein makelaus triskilling som var meg so serlaga kjær.

 Ja, den laut eg segja meg laus fraa; for yver dørstokken i gudsriket kom ingen med framande gudar i hjarta.

 Eg spurde handfallen um mindre ikkje kunde gjera det. Eg hadde ein sliten vest, som var vorten meg heller liten og; men eine lumma var enno plent like god som ny. Naar eg no bad meg lov gjeva den vesten til han vesle Mons Bakken - han hadde korkje far eller mor, han stakar! - tru ikkje det vilde gjera god mun ? - medan eg tenkte med sjølve meg, at knapparne kunde eg daa likevel spretta utor.

 Nei, det vilde ikkje bata dusti det, let han; alt eller inkjevetta det var kravet, og det var ikkje aa rikka. -Tok han so upp or frakkelumma ei rund hardla høg massing-øskja, gav seg til aa skruva loket ifraa; ho var paa lag til helvti full av koparpengar, og dei skulde vera - fortalde han - ,til en skole for de arme smaa sorte hedningebørn, som springer nøgne omkring og spiser hinanden der nede i Zululandet". - Um eg no slepte triskillingen nedi der? - - so kunde han og fortelja andre born der han for fram kva den vesle guten hadde gjort for dei stakars heidningarne.

 Dette var just aa taka meg paa meinaste stellet; naar eg so og samstundes kom so vel inn i det med Vaarherre, - - ja, daa fekk det ikkje hjelpa, eg laut lata staa til!

 Men ja menn vart det meg likevel ei tung gonga uppetter til trepikkar-holet; og eg kjende det som vilde føterne ikkje flytja seg under meg daa eg endeleg var paa nedvegen. Stana gjorde eg rett som det var, saag paa skillingen, blenkte han paa trøyeermi, og var fleire gongjer iferd med aa snu. - Men so tok eg meg saman, gjekk med støde stig beint inn til preikaren, snudde andlitet ifraa - - - og straks etter høyrde eg triskillingen fara klingrande ned i penge-øskja.

 Men det kann vel vera at eg kjende meg byrg og heppen no naar det fyrst var gjort! Eg totte eg hadde stridt den gode strid og vunne siger, og eg er rædd at hadde nokon av granne-gutungarne den kvelden neita meg retten til gudsriket, vilde der vanka all den stryk eg kunde gjeva. Eg gav meg ikkje fyrr eg fekk lov vera sengjefelag med preikaren um natti; eg totte det kunde høva det, etter som no han var eit guds-menne han og.

 - Og snart sov eg den rettvise sin svevn.

 Fram i graalysingi vakna eg med ei usæl kjensla av at nokon heldt paa strypa meg. - Preikaren, han laag sov og raut som du skulde høyrt ei kaffikvern.

 Daa med eitt datt det yver meg med ei forfælande tyngd at triskillingen ikkje var min lenger!

 Nok freista eg med same leita fram att dei grunnar som igaarkveld hadde so stort eit evle; nei, det vart som aa gripa i røyk det. Det rann meg i minne alt eg hadde sett inn paa den eigneluten; -- og no! at eg daa kunde vera slik ein braavim!

 Øskja stod der straks framfyre meg paa fote-fjøli og blinka; - - der var han!

 Naar berre eg torde! - - For det var no ikkje sagt mannen med snøggaste fann paa sjaa etter, eller um so skulde henda, daa illetru meg; - so sagte kom han til aa fara kring skrøyta av meg plent like godt.

 Og Vaarherre, som var so god, so god, vilde nok sleppa meg inn til seg kor som var, naar eg angra hjarteleg etterpaa og var snild og lydug gut. Elles kunde ingen vita kven han var for ein denne framandkaren. Kann henda naar alt kom til alt, han stakk pengarne i si eigi lumma, landlauparen!

 Og hadde nokon raaka koma inn i nystova paa Kvaale um ei rid, vilde han ha funne meg i berre skjorta standande paa knei i sengi iferd med aa skruva loket av penge-øskja. - Jau, so varde det heller ikkje lenge fyrr eg aa nyo hadde triskillingen millom fingrarne. Han var lett nok aa kjenna der han laag i kopardungen blenkte og skein.

 Men ikkje fyrr fekk eg smetta meg under felden att fyrr samvitet vakna med ofseleg magt. Skillingen brann meg i handi som var han gloande; eg hadde kjensla av at maken til styggedom visste eg meg ikkje, og meir enn gjerne vilde eg ha lagt han tilbake, men torde ikkje rikka meg av flekken, for eg fælte hin-mannen skulde koma fakka meg med same. Skolv gjorde eg som eit ospelauv, kaldsveiten taut fram yver heile min kropp, og endeleg braut stridgraaten laust.

 Preikaren vakna og spurde undren ha som var tiss. Hakkande og hikkande kom eg so fram med kva ilt eg hadde gjort, og bad og velsigna honom taka den usæle triskillingen attende.

 "Nei, mit barn," svara han, ,det være din straf at du selv maa beholde den sølvpenning for hvilken du som Judas Ischkarioth har solgt din herre og frelser."

 Aa jau! tuta eg, - han maatte, han maatte! for utan fekk eg aldri meir ein glad time! - han laut! - han laut!

 Og paa seinsten vart det so at han gav etter. - Men det veit eg, det var med hugen heilt annar leis audmjuk og smaalaaten eg denne gongjen høyrde skillingen fara klingrande ned i øskja.

 Eg vart lenge liggjande vaken den morgonen frametter; eg laag tenkte og gruna paa so mykje og mangt. Og daa eg endeleg sovna att med same det ljose solauga blenkte fram yver Li-nipa og keik inn gjenom ruta, daa hadde eg lova Vaarherre at eg vilde verta missjonær.

 Men at den lovnaden aldri vart liv, -- det likevel er ikkje triskillingen si skuld.

Tilbake til toppen av siden.