Sogor: ein bundel - Heimadøypt

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

I[rediger]

Fred, det var meir enn eg hadde etter den tilburden med han Nils. Brotet vart liggjande tyngja som ein kaldvaat skoddedott, som eg ikkje kunde evla koma meg utor.

 Det var som han Nils fylgde meg trutt kvar eg so heldt til. Eg hugsar kor eg stundom spratt i veret og saag attum meg, med so skilleg ei nemjing at eg hadde han der straks i ryggen.

 Vissa var det no den lukti av klædi hans som eg ikkje fekk ifraa meg. Det hende fleire gongjer naar eg laag sov, at eg skvatt upp vitskræmd iferd med aa kovna. Daa var det han Nils som laag meg paa bringa og strypte og strypte.

 Høvde det seg eg laut framum vegen til Harkahaugen, la eg jamt i laup det snøggaste eg vann.

 Ein sundag eg var ved kyrkja kjende eg som vart eg naamen i knei daa eg steig inn paa kyrkjegarden og hugsa, at det var her han Nils laag.

 Og langsleden hans Lars Seim gjekk eg jamnan umveg fyre, der han stod i tunet naar eg kom skulde i skulen; for paa den sleden var det dei køyrde han Nils til gravi.

 Det vart alt verre di lenger det leid. - Eg freista beda til Vaarherre. Men der stod han Nils stengjande og skræmde bøni munnvali attende; han stod der klaga og klaga meg fyre honom den renvise hemnaren, som hadde evle kalla meg til domen kva tid og time han vilde. Og berre altfor vel tottest eg vita kva eg so kunde venta meg.

 - Men var der bergingvon, vart det daa likevel Vaarherre eg maatte ganga til. Eg laut prøva venda um og verta eit Guds barn. At dette var ein tung og vand veg, det hadde eg baade høyrt og lese meg til. - Og eg visste det var ein hjarteleg anger som bar fra til den fyrste milestolpen paa vegen.

 Eg totte endaa so, at eg hadde trega vondska mi beiskeleg. Men naar eg no tok til aa naglefara meg sjølv og leita etter, vart det stødt til at den rette angeren ikkje var aa finna. Og di meir eg truga meg sjølv til aa trega, di hardare og kaldare kjende eg meg i hjarta.

 Segja seg laus fraa denne verdi, det og var kravet til deim som etla seg den smale stigen Men den bakken vart meg tung koma upp.

 Naar eg um sundagen sat inne las i bøneboki eller huspostillen, fysste og saud den friske barnefysna etter leik meg i hugen. - Eg visste at no heldt dei andre gutarne paa -- - synda seg burt med aa kasta skothella nede i vegskilet. Og det vart no verst for deim sjølve, det. Eg hadde fenge augo upplatne eg, og hugsa kva tridje bodordet baud. Men nei aa nei, so trøysamt dei likevel maatte hava det!

 Det bar daa tidaste soleis til, at eg umsider skunda meg med dirrande hand stinga salmeboki eller katekisma i fikka til aa hava som eit plaaster eller muleband paa samvitet, naar eg la av garde i fejugande tan. Og ingen var sidan fusare midt upp i leiken enn eg, til dess det var myrke kvelden.

 - So fekk eg annsamt med aa trega brotet og lova Vaarherre og meg sjølv det skulde vera seinste gongen eg let den freistaren lokka meg.

 Men naar sundagen kom, tok det gjerne same leidi -og dette uppatt og uppatt.

II[rediger]

Tidi skreid, til pinsehelgi var yver.

 Daa var det der kom ein klokkesmed reikande og gav seg til framme paa Hauge.

 Det var nok so han aatte heime nede i Stavanger fraa det fyrste, men hadde - sa han - i fleire aar vore utanlands, baade i England og Amerika. - Han var ein vesall skrinn mann med svart haar og skjegg og myrke sterke augo.

 Det spurdest snart at han var med lesarane. Sundagen etter han var komen heldt han samling i stova hans Torbjørn Hauge; og dei som hadde vore der var sams um at make til klokkjande preikar hadde dei aldri høyrt.

 Det varde ikkje lenge fyrr han preika mest til kvar einaste kvelden, anten i vaar eigi eller og i grannebygdi. Folk tok til aa kvekkjast upp or synde-svevnen baade her og kvar, og klokke smeden vart allstødt fagna som eit reint serlaga gudsmenne.

 - Nei, der var det ein sundagseftan han tala burte paa Seim. Men eg skal tru det kom undring og stokk i mugen daa han paa seinsten i preika si orda ut um, at det var vel nok nokon kvar tok til aa søkja den tronge vegen til gudsriket, - berre det ikkje vart eit stræv i faafengdi, naar det var paa sjølvvise gjerdi vaar eigi me gjekk fram. Alle saman kjende me bodet: fyrst tru, sidan daap! soleis var det Vaarherre vilde hava det. Men var det kann henda likevel ikkje den vanlege visi aa freista trengja seg inn gjenom porten traass imot desse ordi, som ingen kunde ynskja seg klaarare. Endaa han vilde so langt ifraa setja seg upp paa domarstolen; det fekk Vaarherre gjera, han med naaden høgre enn alle himlar. - Men kor som var: den som paa rette maaten vilde yver gudsriket sin dørstokk, laut fyrst tru, og so verta døypt. Og til deim som var døypte fyrr dei enno evla tru, vilde han segja: lit ikkje paa barnedaapen dykkar! gakk heller stad lat dykk døypa uppatt!

 - Eg skal berre med harefot snerta innpaa alt det uppstyret som dette gav støyten til der i heimkrinsen, korleis bygdefolket sanka seg i tvo hopar, ein større som heldt preikaren for ein satan sin utsending, og ein mindre som fann honom vera burtimot ein engel fraa Vaarherre, - at presten og atterdøyparen paa nokre møte dei heldt, kjeftast so det fauk etter; og meir sovore. Nok er det, at han Torbjørn Hauge og han Ola, son hans, og so han Jens Teigen vart uppattdøypte fyrr klokkesmeden strauk sin veg ut paa hausten.

III[rediger]

 Men det var dette eg vilde draga fram, at i hugen min eigen, saar som han alt var det, tok atterdøypartankarne seg meintak, - og det kunde dei so mykje meir som det var meg kunnigt, at eg ikkje var døypt plent soleis som flestalle andre.

 Ja, for eg hadde høyrt fortelja, at det nok var lite sjaaande liv i meg daa eg kom her til verdi: og so klemde dei i ein ruff til og døypte meg med same; for dei fælte eg snart skulde slokna. Men kor rettugt det med dette var tilgjenge, det maatte Vaarherre vita!

 Eg byrja so smaatt fretta etter hjaa ho mor, og fekk so greida paa at det var godmor som døypte meg, sidan ingen likare var til stades!

 Ho gamle godmor! Tunghøyrd og stutthugsi som eg mintest henne! - aa ja, det var kje betre ventande daa enn at det kunde ha gjenge ymist!

 So naar alt kom til alt stod eg kann henda likt med sjølve heidningarne, eg. Og galne vegen peika det, um eg aldri so mykje freista verta eit Guds barn; for daapen var no døri han, korso.

 Hadde eg berre stade jamsides alle dei hine, vore kyrkjedøypt! - eller døypt av mannshand endaa! - det kunde likevel fenge skura for meg som for andre daa.

 - Men denne gamle kjerringi! - - du skulde aldri i verdi maken til tusseskap ha høyrt !

 At dei bar meg aat kyrkja ein sundagen seinare og let presten lesa yver meg - hm! det var det ja menn liten bate i naar det like godt var paa den godmordaapen eg var kristna menneskja.

 - Eg kjende meg usæl og ille, som, hadde eg æveleg ulukka hangande i eit haar yver hovudet. Ei greida laut det paa einkvar maaten verta; for dette var ikkje til aa halda ut.

 Og som det leid greip det meg meir og meir ein brennande hug til aa faa tala med klokkesmeden.

 - Ja, der ein eftan smeit eg meg av garde; for han far var sinna paa atterdøyparen som paa han Gamle-Eirik sjølv. Eg var so heppen aa finna mannen heime og endaa til aaleine; for gardsfolki var enno ute paa slaatteteigen.

 Det var med skjelte um hjarta og dirrande kne eg steig inn og fekk ei vesall helsing or munnen.

 Kva ærend eg hadde? spurde han.

 Og seint um sider fekk han meiningi av stamande ordi mine sanka ihop.

 Um eg hadde gjenge for presten?

 Nei, eg skulde ikkje fyrr komande aaret.

 Han heldt paa ei heil stund spyrja etter um baade dette og dette. Sidan tok han til aa leggja ut um kor sæl den var som skunda seg or Sodoma og rømde til Zoar fyrr eldflaumen kom, -- og endaa ei heil regla som eg lite skyna, men di meir kjende meg aga av. So gav han meg nokre smaabøker, og bad meg koma til seg att.

 - Heime stal eg meg stunder til aa gruna bøkerne igjenom. Eg tottest finna greidare og greidare meiningi i deim etter kvart, og det vart meg alt vissare, dei synte rette leidi.

 Men samstundes seig det meg tyngre og tyngre inn paa hugen, kor forfælande det vilde vera um det likevel paa seinsten skulde syna seg, at presten og dei hine hadde rett.

 Daa spurdest i bygdi atterdaapen hans Torbjørn Hauge. - Og dette auka elden under traai mi eigi. Det vart ikkje onnor raad, eg laut lata staa til, eg og.

 Kunde eg berre faa einkvar kjenningen min med! -eg vilde liksom vera meir ankelaus daa, totte eg.

 Um eg no freista gjera røynsla med han Sjur-Ola.

 - Han hadde vakse seg baade stor og sterk han Ola, hadde vissa i dei tvo seinste aari reint vunne munen fyre meg. Eldende braasinna var han naar noko bar imot, og det bata aldri taka han med trumf; men med finleik og fyretola kunde eg jamnast faa han litug som ein sau.

 - Og som me so ein dagen raakast, tok eg til aa styra røda inn paa ævelengdi sine leider.

 «Du,» sa eg, «nede i helvite der maa vera øgjelegt der.»

 Ja, det høyrdest so, svara han.

 «Berre me endaa slapp koma der, eg og du, Ola! »

 Ja, han vilde daa vona det.

 Men um det no var sanningi dette som atterdøyparen sa? - so ja menn kunde det knipa for nokon kvar. - Og eg so til etter desse bøkerne leggja ut um barnedaap og atterdaap.

 Det var sjaaande kor han meir og meir vart ættvill.

 Ja, so kom det eit motmæle svivande honom paa tunga.

 «Men du kann daa vita at presten skynar det betre han, enn den klokkesmeden!»

 «Presten! - - var det kann henda ikkje just prestarne som fekk Vaarherre sjølv hengd upp paa krossen? - so dei var rette gutarne lita paa!»

 Eg veit ikkje kvar eg hadde fenge fat paa tanken soleis skoren. Men nok er det, at dette gjorde det av med han Ola samstundes som det gav stødleik i mitt eige tiltak.

 Og fyrr me skildest hadde me avtala at me baae tvo i all mogeleg løynd skulde ganga stad faa oss uppattdøypte.

 - Nokre dagar seinare gjekk klokkesmeden framum, nord til Teigen; daa han so ut paa eftansida kom att, vakta me honom upp framme i Lonalunden. Og den som ikkje lenger var bljug og flamsen, det var eg. - Han Ola berre sa ha og ja han, medan eg gjorde greida for baade honom og meg.

 «Ja,» tok atterdøyparen frami, « jeg tror i nu med rette kan sige med hin kammersvend fra Morland: her er vand, hvad hindrer os i at blive døbte?»

 Det var ei tjørn straks inne i skogen, heitte Lona-demma, han meinte paa.

 Der var det og at han fyrr hadde døypt.

 Han ut av vegen og me etter.

 Men med same eg fekk sjaa vatnet blenkja millom stuvarne, kom det yver meg ein fælskeleg skjelte, so det var med naudi eg vann halda meg paa fot.

 Me fekk bode taka av oss klædi.

 Ja, han Ola skal fyrst! meinte eg.

 Kvifor det?

 Jau - - han han var fjortan dagar eldre, han! - Eg fann ikkje i snøggvenda nokon likare grunn.

 No ja, tok so han Ola til aa klæda av seg utan aa mæla ordet, berre glanande munnopen framfyre seg, reint som trollfjetra.

 - Klokkesmeden skilde seg av med nedre plaggi sine, tok guten i handi, og dei vassa fine sandbotnen utetter til vatnet naadde dei ein stubbe ovan kneet.

 So vart han Ola duppa fyrste rappet.

 Han hiksta stygt etter anden daa han kom upp att, og var heller stiv i ryggen som han andre gongen vart duppa.

 Men daa han skulde hava den tridje duppen, starta han traass imot. Døyparen paa si sida - brennande i aandi som han sagte var - tok paa røyna; og daa ikkje anna vilde bata, slo han krok so guten kom veggjande vidopen ned i vatnet.

 Men aldri fyrr var han Ola paa lot att fyrr han flaug beint bust i bringa paa atterdøyparen; og augneblinken etter bar det i koll med dei baae tvo.

 Nei, daa eg so saag skitne pulderen slaa saman yver deim, daa ramla eg laus i ei lægjing so eg vart liggjande krøkja meg paa bakken.

 Eg skratta som skulde eg kovna daa dei reis og vassa i land, skratta daa klokkesmeden - silande vaat som ein hund i regnvær - tok til aa bannlysa yver oss, skratta daa han Sjur-Ola - som var iferd med aa klæda seg paa - i berre skjorta flaug upp jaga honom inn igjenom skogen og so heiv broki, sokkarne og styvlarne hans paa vatnet, skratta daa so guten paa eit hengjande haar var reidug gjeva meg smurning, meg og, - skratta og rulla meg og rulla meg og skratta. – Og endaa daa eg sidan laag heime i sengi mi frampaa natti vart det ender og gong ved nykkja og klukka i meg, traass eg var saar i magen som ein kaun.

 - Han Ola var paa heimvegen eitrende vond og gav ilt fraa seg, banna baade atterdøyparen og meg og heile hurven, so det berre loga.

 - Men naar vegarne skildest, og eg sidan for ruslande aaleine i sumarskvelden millom bjørkerne i Kvaalshagen, daa vart eg tak um bil standande lyda kor fagert det let naar sysvorti song.

 - Det var som eg ikkje fyrr hadde høyrt henne det aaret.

Tilbake til toppen av siden.