Sogor: ein bundel - Hjelpelaus

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk
Heimadøypt Sogor: ein bundel
Hjelpelaus
av Per Sivle


Tilbake til toppen av siden.

Naar eg ligg um natti og ikkje fær sova, daa er det at minni kjem paa vitjing. Eit etter eit kjem dei strjukande framum det vindauga sjæli mi hev ut mot den tidi som hev vore.

 Og eg kjenner deim so vel, deim med ange av skog og dur av foss, deim med eim av tobak og surr av staakande hopar, her eit laate og der eit likan, - kjenner deim so naudende vel alle saman, nokre endaa berre altfor vel.

 Men ender og gong hender det, at so den og so dette av det lettføtte fylgjet stoggar i laupet, sviv til, og helsar gjenom ruta.

 Det er sume som eg daa retter armarne til velkoma, med bøn aa bia di lenger di betre. Og det er andre som eg høyrer og ser nett like godt, traass alt eg gøymer augo og øyro inn-under puta.

 - No her i natt var det vissa nokre kjenningar eg longe hadde gløymt som stana utanfyre og glytto inn. Det var tri par augo.

 Og desse tri augnepari er det som i dag manar meg til aa fortelja denne soga.


 Den sumaren eg gjekk for presten laga det seg so at eg fekk meg ei byrsa.

 Han Per Seim, trimenningen min, skulde fara til Amerika. Fyrr han strauk kom han hit til Kvaale bad velliva, og daa hadde han vesle hagla si med; henne skulde eg hava til eit minne, sa han.

 - Endaa same kvelden laut han Salamon læra meg lada og taka sigte. Og fyrr det vart myrkt hadde eg alt sett inn den eine hagldriva jamsides den andre smidjeveggen burtyver.

 - Dagen etter var det sundag. - Det var ikkje til aa halda ut so leid og keid vart den lange preika han far las upp or gamle huspostillen hans Jesper Brockmann; byrsa leika meg i tanken heile tidi.

 Og daa eg vel hadde dugurden i meg var eg ikkje sein taka byrsa og leggja vegen uppetter lidi.

 Eg hadde so hugheil ei von, at mindre enn ein rev kom eg ikkje heimatt med. Ja, kven kunde vita, - kann henda raaka eg fram paa bamsen sjølv so eg fekk gjeva honom eit skot inn i øyra. Det var soleis han gjorde det, guten uppe i Nordland som det stod lesa i bladet um.

 Eg skal lova eg bruka baade øyro og augo der eg gjekk.

 Eg jaga upp ei kraaka. Men henne var eg for storfelt til aa bry meg vidare um. Høgt uppe saag eg ørnen sigla paa sine breide vengjer i krins kring nuten, der han hadde reiret sitt, -trygg i verdi si eigi, dit mannemagt rakk ikkje.

 Men ingen bamse fekk eg auga paa, og ingen rev, ikkje eingong ein vesall hare.

 Skogen laag mosen og lat i solsteiken, naut si sundagskvild, og berre songfuglarne uppe millom greinerne gav livande læte i stilla.

 - Soli heldt alt paa luta den runde raude kjaken sin ned til fjellet i vest daa eg snudde og rusla nedetter, utan at eg hadde løyst skotet.

 Og myrk i hugen var eg der eg gjekk. Eg keik til alle sidor etter ei kraaka eller ei skjor, um det ikkje var anna; eg hadde meir enn gjerne teke til takke no. Men i faafengdi vart det.

 Daa høvde det eg vart var ein liten fugl i ein krake straks burtanfyre. Han saag so glad og so godtruen ut som han sat der paa greini og kinka seg og smaatralla.

 Eg hadde elles jamt vore slik ein ven med alle smaafuglar, hadde endaa meir enn ein gong lagt meg imillom naar einkvar gutungen etla seg gjera deim meinka. Men no fekk vondska yvertaket i hugen min med ei fysna etter aa drepa, so eg la byrsa til kjaken og klemde laust.

 Røyken sveiv undan. - Men eg skal tru eg vart undren daa eg so fekk sjaa at vesle fuglen sat der paa same staden. Eg gjekk næmare til; men sitjande vart han, med velet stydjande ned paa greini.

 Eg kunde sjaa kor hardt ho stræva den fine graakvite bringa; ender og gong gjekk det ein bivr gjenom vesle kroppen, og nede under eine vengen kom der fram ei liten høgraud prikk.

 Eg vart standande handfallen saag paa. Men di lenger eg saag, di meir var det dei tvo fugleaugo som reint klumsa meg.

 Dei var runde og blanke som vatsdropar; men det var liv som blenkte i deim, blenkte og blinka nedigjenom ei svart botnelaus djupn.

 Byrsa datt meg ut or nevarne. - Og etter kvart skipa det seg som det inkjevetta anna fanst der framfyre enn desse augo.

 Paa seinsten vart det til di at eg ikkje berre saag, men paa einkvar maaten endaatil høyrde deim. Eg gaadde deim kje livd-bedande, heller ikkje hemnropande, - anna det var som gav dei ifraa seg ein straum av kviskring, som eg sterkare og sterkare kjende dirra og skjelva meg inn i samvitet, der han laga seg til ei skilleg kjøvande kjensla av hjelpelaus.

 Daa med eitt skar den tanken meg gjenom hugen, at eg vart galen um eg ikkje reiv meg laus og fekk desse tvo augo ut or verdi.

 Snaapt som eldingen treiv eg ein lurk og dreiv til fuglen so han for trillande nedetter bratta.

 Men eg gav meg ikkje med dette, eg slo so moldi spruta, slo og trakka og trakka og slo, reint som var eg rasande, heldt paa so lenge det var fjøri aa sjaa.

 So treiv eg byrsa og la nedetter i tanande sprang, som hadde eg den vonde sjølv jagande i hælarne etter meg.

 Men trudde eg soleis aa ha tynt dei tvo augo, tok eg i miss. Det varde lenge at dei tak um bil kom svivande og skræmde meg, anten eg so var vaken eller sovande.

 Og det veit eg, at ikkje eit einaste skotet meir skaut eg med den byrsa.

III[rediger]

Det var fem aar seinare. Eg var komen til Kristiania daa, og dreiv paa med ”mensa” og slikt noko.

 Høvde det seg so ein dagen at eg hadde ærend upp paa Hegdehaugen.

 Det var slabbever so det forslo. Det smaaregnde, og skodda laag breidde seg kaldvaat og tung med tev av steinkolsrøyk og onnor ufysa, so det med naudi var raad til aa anda.

 Uppe paa fortoget føta folk seg taatippa framum kvarandre i sufset, og berre einkvar skuleguten traska stad so det skrangla i skreppa hans medan søla stod honom i driva um styvleleggjerne.

 Ute i gata var det som ei einaste elta av mold og snø og væta; det slafsa og skvatt um kvar hestehoven som stauka og um kvar kjerra som køyrde.

 - Ovan halde-plassen saag eg ei vogn med eit munalegt mursteinslass. Ho kom ikkje av flekken; for hjuli hadde bite seg fast nede i surpa.

 Køyrekaren saag ut til aa vera ein vaterlandsslusk av velten. Full var han so han sjangla.

 Hesten var ein brun tunnvoren ein. Han stræva det han vann, han; graakvite skumet valt honom nedetter sidorne, nedan hyvret synte det seg jamvel blod i, so der var han sagte broten, stakar. - Det var sjaaande kor han spende alle senar kvar gongen han la seg i selen og nykte og nykte, no ende fram, so til den eine sida og so til den andre.

 Men mannen berre skreik og banna og bruka svipa alt i eitt. So var det som hesten gav seg reint yver. Han stod eit bil og hengde med hovudet, teva og teva, berre bivra og krøkte seg kvar gongen svipa kom sjugande gjenom lufti.

 Men best som det var braaskaut han seg attende, og so frami att, so du skulde tru bein og bunor hadde broste. Han tevla og sparka, berre gav paa og gav paa.

 Men det hjelpte ikkje, - vogni rikka seg kje eingong.

 Daa glatt taket undan framføterne so han kom paa knei ned i blaute gyrja. Og soleis vart han standande still framstupa, utan so mykje som aa freista koma seg uppatt, med alt det karen skreik og slo verre enn nokosinne.

 Det var ved dette leitet at eg gjekk burtaat. Og der i den hestehausen vart eg var tvo augo, som fekk kvar strengen i sjæli mi til aa dirra. Eg kann enno i minnet mana meg fram att livet i deim som ein blikrande ljoske gjenom tvo dimme hornrutor. - Endaa det vart ikkje berre at eg saag deim, eg tottest høyra deim og, - høyrde deim kviskra meg inn i sjæli denne kjøvande kjensla av hjelpelaus.

 Um sovore var folkeferd med eit umælande dyr ? busa eg ut. - Um eg vilde vera so god passa meg sjølv og elles halda min forbanna kjeft?! meinte mannen. Kva kom han og hesten hans meg ved? Eller kann henda eg hadde hug smaka svipa eg og? - so skulde det endaa verta raad med di; for det høvde seg just han i so maate hadde spander-broki paa seg, - let han.

 Men kva so eg gjorde? - jau, eg flaug straks stad fekk fat i ein politimann, og han drog aat byen med baade karen og hesten. - Det var det seinste eg saag deim.

IV[rediger]

Eg hadde ein ven som budde beint yver gata ifraa «Mangels-gaarden» dei kallar - dit dei fatige i Kristiania dreg seg stad bankar paa naar alle andre dører er stengde.

 Hjaa denne venen min hadde eg vore uppe ein grusjen november-dag, daa eg gaadde, med same eg steig utatt gjenom gatedøri, eit kvinnfolke-likan med andlitet i henderne, som sat ihopkrøkt paa kalde steintroppi.

 Eg feta fyrst framum, men snudde og spurde kva som vanta.

 Ho lest inkjevetta gaa.

 So gjekk eg tettare innaat, og spurde uppatt. Daa lyfte ho hovudet tungt og saag upp. Men augo hennar, som eg i den stundi hadde dei vidopne der straks framfyre meg, blenkjande, ikkje i taare-gidr, men med ein blaagraa kald-glitr som naar vatn haustdags tek til aa stinkla av frosten, - - det var atter denne kjøvande kjensla av hjelpelaus dei dirra meg inn fyre bringa.

 «Eg - - er - - sjuk,» høste ho, «hev lege - - ute i natt - - - - ikkje smaka biten i dag.»

 Kvar det var ho høyrde heime eller etla seg stad? Ho peika burt imot «Mangels-gaarden». «Men so fekk eg - - so vondt - - so vondt.»

 - Ja, eg hadde kje betre triva til eg, enn taka arme kjerringi og halvt stydja henne yver gata.

 Eg ringde; og der kom ein kar let upp. Eg skunda meg stinga henne ein tolvskilling i neven.

 Og porten small i etter henne. So snudde eg og bauta meg fram gjenom folkestraumen i gatorne; eg var misnøgd med meg sjølv og med heile verdi, og eg kom til aa tenkja: kor sælt aa kunna eiga, liksom Vaarherre, evle etter ynskje til aa hjelpa den hjelpelause.

Tilbake til toppen av siden.