Soldatsong for Telerne

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

Med blakrande Fanor og full Musik
kom Telerne heim ifraa Strid,
aa verna um Landet var gamall Skikk,
slik var det i Farfar si Tid;
naar Bodstikka gjekk, og naar Vardarne brann,
daa møtte dei fram, kvar ein vaapenfør Mann,
og mang ein han stupa paa Grensa der aust,
naar fyrst det bar retteleg laust!

      Betre falla med Æra
      enn aa liva med Skamm!
      so han tala Olav Rye
      - Telegutar fram!

Og Fjellguten møtte ved Kyrkja paa Tinn,
og Trumma og Halvmaanen lét,
snart stod han paa Lina og retta seg inn
- dei høyrde, at Gjentorne grét . . .
Ja, kjem det ein Dag, at vaart Land er i Naud,
og spyrst det for Aalvor um Liv elder Daud,
naar Hornet oss kallar til Verja og Vakt,
so gjeng me til Grensa i Takt!

      Betre falla med Æra
      enn aa liva med Skamm!
      so han tala Olav Rye
      - Telegutar fram!



Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt