Solskrikjan

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

(Snjofuglen)[1]

Tidt minnest eg songen so yndeleg, rein,
soni lét yver viddi fraa lauvklædde runnen,
du sat der um notti og kvitra paa grein,
du tirla so vænt paa den snjotekkte grunnen,
og kveld etter kveld so var ljoden din eins,
den tonen so fager til hjarta er bunden.

Men fjerr er no songen din, snjofuglen min,
og sumar og gleda og dagarne blide,
eg lengtar so tidt mot ei ljodbaara fin
der inne fraa viddi i vaarnæter fride,
ho kling meg i øyra, naar kveldstjerna skin
- for heimen er best av all verdi so vide.

[rediger] Merknader

  1. Fritt umsett fraa islandsk.


Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt