Sporven

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Og Svola og Erla,
dei bur seg og stryk,
      naar Sumaren hallar mot Vetter;
og Lerka ho tagnar,
og sidan ho stryk
      mot Sud fraa dei rimslegne Næter.
      Men Sporven han er seg so trufast ein Kar,
      — han likar seg best
      paa den Teigen han har,
      der han og hans Frendar saag Ljoset.

Ja, nog er det deim
som vil svinta avstad,
      naar Hausten seg legg ikring Tufti.
Men sume i Heimen
er likaso glad,
      naar Snjokaven trugar i Lufti.
      Og Sporven han vyrder kje
      Frost eller Snjo,
      han held seg til Heimen,
      og bergar seg so,
— um og det no stundom vil knipa.

Og Sporven held ut,
til det atter er Jol.
      Og daa vert det Velferd fyr Karen.
For Joleband stend det
paa Skjol etter Skjol,
      og daa er han fagnaleg faren.
      Og lid det so lenger,
      — ja so vert det Vaar,
      og etterpaa Sumar
      kvart einaste Aar,
— og Sporven han fylgjer med Tidi.




Per Sivle - Viser og kvad - forside.png