Sumarkvelden

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

av Ivar Aasen

Velkomen atter hit til vaara Grender,
velkomen her, du sæle Sumarkveld,
med Lauv og Gras ut yver alla Strender
og gule Blomar i den grøne Feld,
med lette Smaasky, lagd i langa Render
som Traadar i det høge Himmel-Tjeld,
og med den milde Ljosken, som seg breider
ut yver Fjell og Fjord paa alla Leider.

Her er so ljos ein Lit paa alle Grunnar
for ljos til Natt og mesta dim til Dag.
Dei stille Votni standa blaa som Brunnar,
og Fossar syna seg i kvite Drag.
Det myrkjer i dei tette Holt og Runnar;
det ljoskar i dei blakke Bygdalag.
Den ljose Himmel speglar seg i Sjoen
og blikar mildt i Doggi yver Moen.

Her glytter Ljos igjenom tusund Gluggar
imillom Lauvet i den tette Lund.
Inn under Bjørkom standa ljose Skuggar
rett som ein Flekk um Roti, lett og rund.
Det gustar ingen Vind, som Toppen ruggar,
i denne kvildarrike Nattarstund.
Den snøgge Fuglen kurer trøytt av Dagen,
og rosutt Fivreld' roar seg i Hagen.

Den sidste Sol-Blenk er i Havet sokken,
den fyrste kjem snart or den laage Grop;
ein Dag er tendrad, fyrr en hin er slokken,
og Kveld og Morgon renna heilt i Hop.
Snart vaknar upp den kvilde Fugleflokken
og helsar Morgonen med Glede-Rop.
So riser Soli til den lange Svingen
og set ein annan Lit paa heile Kringen.

Kom, lat oss nøyta Tidi, som ho skrider,
og minnast, at ho skrider ofsa fort.
Med kvar ein Dag, med kvar ein Kveld, som lider,
eit Stig mot myrke Vetteren er gjort.
Det kjem ein Dag, daa kvar ein Blom, som bider,
er fallen av; og slikt eit Fall er stort.
Di skal eg sjaa paa Blomen, fyrr han blaknar,
og nøyta Sumar'n, fyrr eg honom saknar.



Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt