Syne

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

«— Nei Mor, det kann du tru med Lit;
eg miste korkje Hugs hell Vit.
D'er ingin Draum eg fèr i.
Nei; vel eg veit, for fyrste Gong
eg saag inn gjenom Glytten trong
inn i den andre Verdi.»
— «Daa fekk du Feigmanns-Gjerdi.»

«Syt ikkje, Mor, for Veslemøy!
Det er kje eg som burt skal døy
og meg i Naa-Ham hylja.
Men Morbror hev me mist i Kveld.
Eg møtte han i Grave-Dæld.
Han skein som Moreld-Bylgja.»
— «Gud vil honom naadig dylja.»

«Det myrkna yvi Haug og Heid,
og Skùming dulde Lengd og Leid.
Eg gjekk med Gud i Tankar.
Daa vart det stilt som djupt i Grav.
Det var som Verdi sovna av
For Øyro Blode bankar …»
— «Alt Dult i Myrkre vankar.»

«Eg vart kje rædd. Eg undrast smaatt...
Daa ljosna fram av tette Nott
ein Mann i Manneskins-Lakan.
Eg kjend' han vel og venta stilt.
«Far vel,» han kviskra kvævt og mildt.
Og burt i Lufti rak han.»
— «Gud i din Himil, tak han!»

«Daa var det som eg lukta Lik;
og høgt i Heidi gól eit Skrik.
Eg vitlaus vart og fæli
og sprang i Ørska villt min Veg,
til glad eg her fekk finne deg.
Men Minne er eg sæl i.»
— «Gud æveleg glede Sjæli!»



Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt