Til Bjørgvin

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

Tone: Jeg tog min nystemte -.


Helsar deg Bjørgvin, med Fløyi og Vaagen,
eldgamle By millom skyhøge Fjell,
Vikingar djerve, her tendrar dei Logen,
Vardarne bragar, og Her-ropi fell . . .
Skaldar du fostrar, og Styresmenn sterke,
som urædde lyfter i Stormen vaart Merke!

Halli, som Haakon i Stor-tidi bygde,
minner um Utferd og Vesterhavs-tog,
kom det ein Bolk, som i Soga vaar skygde,
attreiste Norig daa Murarne saag . . .
Flaget, som fritt ifraa Bergenhus vagar,
det vitnar um Framgang og ljosare Dagar!

Helsar deg, Bjørgvin, og ynskjer vel-liva
Kyrre sin fagre og segnrike Stad,
Aandi fraa Stor-menn mun yver deg sviva
- alltid du synte deg hugheil og glad.
Norrøna-modet i Barmen du gøyme,
ja, Arven Federne aldri du gløyme!



Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt