Til Losje Første Norske

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

På 40-aarsdagen.

Heis ditt kvite Templar-flag
stolt paa denne Minne-dag.
Sanna maa kvar ærleg Mann,
gagnleg var du for vaart Land.

Von og Tru fraa fyrste Stund
- røtte deg i mager Grunn,
mang ein Motmann, morsk og lei,
skræmde ikkje deg - aa nei!

Fram du gjekk traass ill-lyndt Skraal
- Alles Vel ditt fagre Maal;
Huset ditt stend stødt og trygt,
paa det gode hev du bygt.

Modig la du ut til Strid,
peika mot den nye Tid,
hundrad tusund no stend Vakt,
- vesle Flokken vart ei Magt!

Norig saag det litle Fræ
veksa til eit veldugt Tre,
breida seg med Grein og Blad
yver Øy og Bygd og Stad.

Snart me taka skal eit Tak
for vaar edle Folkesak,
kvasse Vaapn - I Gevær! -
tungt han kjem, «den graae Her».

Norigs Ungdom til deg drag,
fullvisst renn den store Dag
Landet fridd or Rusdrykks-band
- meire Ljos for Møy og Mann!

Hand i Hand me traust vil staa
kring vaart Merke - store, smaa.
Lyft det høgt og djervt mot Sky
- Von og Tru, ja fram paany!



Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt