Til Norig

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

Eg helsar deg, du friske Vind
fraa telemarkske Fjell,
du legg din fagre Tone inn
og gjev i Fana Smell . . .
Vaar Norskdoms-fana stolt og rein,
støyrd djupt i Fridomsgrunn.
aa, ber ho fram - i Røyk og Eim -
med Von um Samlingsstund!

Eg visste, Teleguten kom
ein Dag i mannjamn Takt
og krov for Norsken Sess og Rom
og mana oss: Til Vakt!
No er han her, han møter bra,
ja, traust han allstødt var.
«For Heimemaalet høgt Hurra!»
det er hans sterke Svar.



Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt