Til Sørjuten!

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Du lærde meg vyrda mitt eige Maal,
som Nordmenn det vyrda skal,
din Hug han er Eld, og din Vilje er Staal,
med Heider du stend, tross du fall;
du fekk deg eit Dybbøl med Saknad og Saar,
me hadde det lenge fyrr du!
og baae den sjølvsame Vegen me gaar
i Von og i glødande Tru.

Gud signe deg, Broder, me fylgjer din Strid
fyr Slesvig, det ovfagre Land,
vel eingong det renner ei ljosare Tid,
det ynskjer i Noreg kvar Mann;
di Vakt ho er fyllt av eit daarande Mod.
um alt vert «verboten» - hald ut,
eg saag, kor det kokar og brenn i ditt Blod,
- slik Kjærleik maa vinna tilslut!