Til Statsminister Gunnar Knudsen

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

Pa 70-aarsdagen.

Varme Kjenslor mot deg strøymer
-Hovding gjæv - paa denne Dag,
Takksemd Bylgja mot deg fløymer.
og tiltopps gjeng Norigs Flag!

Du, som stort um Landet tenkte,
aatte Vidsyn, Kraft og Mod,
for vaar Rett ditt Auga blenkte,
hugheil du i Striden stod!

Du, som slo for Framtids-tankar:
Alle nøgd med sine Kaar.
Landsens Bate, det var Maalet
- Norigs store Folkevaar!

Hogg du fekk, du Motstraum møtte,
hardt, og beiskt var mangt eit Ord,
i din Barm, det ei seg røtte,
dertil var du deim for stor!

For alt godt ditt Hjarta loga
høgvyrd Helsing daa idag,
Fagna-kar i Norigs Soga,
Takk for kvart eit mannlegt Slag!



Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt