Tjon og von

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

av Ivar Aasen

Det gjeng paa berre Tap og Tjon,
som tidt det heve gjenget;
me hava havt so mangei Von
og liten Fagnad fenget.
Det er no stundom so aa sjaa,
som ingen Rett var meir aa faa.
Kvat skal ein Stakar kveda?
D'er tie Ting aa harmast paa
og ingen Ting til Gleda.

Ja, naar du ser, kor Folket fer,
so maa du ofta fæla;
den verste Narreskap, som er,
er deira største Sæla;
og det, som alltid dugde best,
er stundom det, dei hata mest.
Kvat skal ein Stakar tenkja?
Han er so van aa vera lesst
av Ting, som Hugen krenkja.

No var det best aa snu seg fraa
og lata Verdi dansa.
All Daarskap, som du stødt fær sjaa,
var aldri verdt aa ansa.
Du ser, at Urett jamt er gjord,
og Lygner laupa sud og nord.
Kvat skal ein Stakar segja?
Det bryr seg ingen um hans Ord;
di kann han gjerna tegja.

Men Verdi gjeng no att og fram;
det maa me alltid læra;
det, som i Fjor var Last og Skam,
det kom i Aar til Æra.
Naar Leiken gjeng i beste Lag,
so kjem det helst eit Atterslag.
Det kann so myket heppa.
Det endaa koma kann den Dag,
daa Retten fram kann sleppa.