Upp alle ting, som Gud hev gjort

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

Upp alle Ting, som Gud hev gjort,
Hans store Namn at prisa!
Det minste han hev skapt, er stort
Og kann hans Allmagt visa.

Gjeng alle Kongar fram i Rad
Og seg til Storverk etla,
Dei megtast ei det minste Blad
At setja paa ei Netla.

Ja alle Englar med si Kraft,
Som Herrens Kongsstav bera,
Dei hava aldri Evne havt
Det minste Grand at gjera.

Eg undrast paa dei minste Straa,
Som Skog og Dalar pryda.
Kor skulde eg væl Visdom faa
Til berre det at tyda!

Enn naar eg all den Her fær sjaa,
Som fram i Heimen skrider:
Kvar æætt, som kom og kvarv ifraa,
Dei lange, lange Tider!

Kvat skal eg segja um den Her,
Som kryr i Skog og yrer;
Den Fjøølde, som i Skyenn’ fær
Og upp til Himmels styrer?

Kvat skal eg segja, naar eg stend,
Der Blomar gro i Engjer,
Og Fuglesongen saman renn
Som tusund Harpestrengjer?

Kvat skal eg segja um den Mengd,
Som gjeng paa Havsens Grunnar
I all den Dypt og all den Lengd:
Kven mettar desse Munnar?

Kvat skal eg segja, naar eg snur
Til Himmels upp min Tanke
Og ser den Heim, der Soli bur,
Den skinande og blanke?

Kvat skal eg segja, naar eg ser
Dei ljose Stjerneflokkar,
Kor mildt dei smila til meg ner
Og upp til Himlen lokkar?

Kvat skal eg segja, naar eg ser
I Andenn’ upp og vender
Mitt Auga til den Engleher,
Som um Guds Throna stender?

Kvat skal eg segja? mine Ord
Dei inkje myket segjer.
Min Gud! din Visdom er so stor,
So høøge dine Vegjer!

Alt, som hev Ande, lova skal
Vaar Gud med heilag Heider.
Hans Lov skal fylla Fjell og Dal
Og alle Heimsens Leider.

So love Gud paa denne Jord
Kvar, som hev Munn og Mæle!
Og Englarne i heilagt Chor
Skal syngja med so sæle.

Kved upp, du Her av Folk paa Jord!
Med tusund Tonar saman:
Halleluja, vaar Gud er stor!
Og Himlen svarar: Amen.

(Etter Brorson)



Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt