Vaar-Von

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

Det var ikveld, medan Tankarne sveiv
— so vida ikring dei Fuglarne fer —,
at ute i Skogen eg gjekk og dreiv.
Det var no so fagert og fint eit Vêr.
Himlen han kvelvde seg klaar og rein,
og Vaaren log ifraa kvar den Grein:
       „Du Per, du Per,
— aa hei! aa hopp! — og er du no der!
       Og kjenner du inkje ikveld, ikveld,
at Livet, det er no det likaste lell?“

Og alle dei Blomar og grøne Straa,
eg saag, kvar helst eg so gjekk og for,
dei rudde seg Rom so hugheilt, dei smaa,
imillom det Lauvet, som datt ifjor;
dei keik, og dei nikka. — Eg tykte, eg,
det var, som vilde dei segja til meg:
       „Du Per, du Per,
— titt, titt! titt, titt! — og er du no der!
       Og kjenner du inkje ikveld, ikveld,
at Livet, det er no det likaste lell?“

Og Vinden han veifta so ender og Gong,
alt medan Soli i Vester seig.
Og Gauken han gol, og Sysvorti song,
og Lerka ho tralla, imedan ho steig.
Og som eg daa gjekk der og rusla so smaatt,
eg tykte, eg skyna deim alle so godt:
       „Du Per, du Per,
— ku ku! kvivit! tilleti! — er du der!
       Og kjenner du inkje ikveld, ikveld,
at Livet det er no det likaste lell?“

— So anda eg ut av min Barm so saar
den Dauda-Dumba i djupe Drag.
Eg drakk av den Lufti so frisk og klaar,
og klinka med Livet, som liver idag.
Eg nikka til Lauv og til Gras og til Blom,
eg tralla aat Fuglo, so Lunden gav Ljom:
       „Han Per, han Per
— aa hei! Hurra! tralala! — han er her!
       Og det kann han kjenna ikveld, ikveld,
at Livet det er no det likaste lell!“



Viser og kvad (av Per Sivle)
Per Sivle - Viser og kvad - forside.png
Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt