Vaar Gud han er so fast ei Borg

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

Vaar Gud han er so fast ei Borg.
Han er vaar Skjold og Verja.
Han ver oss i all Naud og Sorg,
Som Hjartat her vil herja.
Vaar gamle Fiend gram
Med Aalvor no fer fram.
Hans Vaapen her paa Jord
Er List og Lygn og Mord.
Hans Jamning ei er funnen.

Vaar Magt ei gagnad oss eit Grand:
Me felde var og daarad.
Men med oss gjeng den rette Mann,
Som Herren dertil korad.
Og spyrr du, kven det er:
D’er Herren fyr Guds Her,
D’er Jesus Christ vaar Gud,
Vaar Frelsar sterk og prud:
Han Siger væl maa vinna.

Um Verdi full av Djevlar var,
Som vilde reint oss glupa,
Me endaa ingen Otte bar:
Dei skulo alle stupa.
Og Fyrsten fyr den Her,
Kor arg han og seg gjer,
Oss inkje skada kann:
Han er ein daud-dømd Mann,
Eit Ord kan honom fella.

Det Ordet skal dei lata staa
Og Vantakk faa fyr Møda.
For Herren sjølv vil standa hjaa
Op med si And oss gløda.
Og taka dei vaart Liv,
Gods, ææra, Born og Viv:
Lat fara, um so er!
Me enndaa Siger fær:
Guds Rike vaart skal vera.

(Etter Luther)



Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt