Vaar Rett!

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

Tone: Sosialist-Marsen

Me skynar deg godt, og me veit, kva du vil,
du Greive der austanum Kjøl,
men denne Gong strekk inkje «Luringi» til
mot Trønder og Haring og Døl,
for Noreg det raar me fraa Fjell og til Strand,
og samde me stend som ein Mann!

Det gustar fraa Fjorden, der Harald heldt Slag,
det vaarast i Normanna-Barm,
du Iyser fraa Stongi vaart Merke idag
og raudnar av Fridom og Harm,
for trugar og trælkar oss nokon med Magt,
so eig me daa enno vaar Vakt!

Ja, samla er Landet, fraa FyIke til Krins,
og reinska for Krjuping og Gjøl,
nei aldri me trudde paa Greive og Prins,
me trudde no helst paa oss sjøl;
kring Normanna-Duken me ringar oss tett
og krev berre Noreg sin Rett!



Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

Norsktoppen
IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt