Vaart norske Maal!

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Dei stengde deg ut, men du liver no enn
i Hjarta og Bringe hjaa norrønne Menn,
dei flirte deg ned, og du tyktest ei Skam,
men Ungdom og Eldhug vil bera deg fram;
dei framande Fargar skal firast fraa Stong,
med' du gjeng i Topp under sigerfull Song
    - fraa Trældomens Kaar
    gjenom hundrad av Aar -
so sant her i Noreg er Nordmenn som raar.

Det bivrar ein Streng i kvart einaste Brjost,
det vert nett i Stova so underleg ljost,
det ljomar so fjellfriskt som vænaste Slaatt,
naar berre me Elsk til det Maalet hev faatt;
og difor det bryt seg - men fer ei med Bram -
og silrar i Folket som Vaarbekken fram,
    - fraa Trældomens Kaar
    gjenom hundrad av Aar -
i Heim og i Kyrkja det Høgsætet naar.