Ved Gjætle-Bekken

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

Du surlande Bekk,
du kurlande Bekk,
her ligg du og kosar deg varm og klaar.
Og speglar deg rein
og glid yvi Stein,
og sullar so godt
og mullar so smaatt,
og glitrar i Soli med mjuke Baar'.
— Aa her vil eg kvile, kvile.

Du tiklande Bekk,
du siklande Bekk,
her gjeng du so glad i den ljose Lid.
Med Klunk og med Klukk,
med Song og med Sukk,
med Sus og med Dus,
gjennom lauvbygt Hus,
med underlegt Svall og med Svæving blid.
— Aa, her vil eg drøyme, drøyme.

Du hullande Bekk,
du sullande Bekk,
her fekk du Seng under Mosen mjuk.

Her drøymer du kurt
og gløymer deg burt
og kviskrar og kved
i den store Fred
med Svaling for Hugsott og Lengting i sjuk.
— Aa her vil eg minnast, minnast.

Du vildrande Bekk,
du sildrande Bekk,
kva tenkte du alt paa din lange Veg?
Gjenom aude Rom?
millom Buske og Blom?
Naar i Jord du smatt,
naar du fann deg att?
Tru nokon du sang so eismal som eg.
— Aa, her vil eg gløyme, gløyme.

Du tislande Bekk,
du rislande Bekk,
du leikar i Lund, du sullar i Ro.
Og smiler mot Sol
og lær i ditt Skjol,
og vandrar so langt
og lærer so mangt . . .
aa syng kje um det som eg tenkjer no.
— Aa, lat meg faa blunde, blunde.

— — — — — — — — — — —
— — — — — — — — — — —

Mjukt som i Graat
tonar Harpelaat,
lokkar lett og linn
liksom Sùmarvindt;
voggar seg blid,
strøymer sterk og fri,
svævest av i Draum og Stille;
vaknar so spakt,
velter fram med Makt;
brusar upp i Brand
liksom Marm ved Strand;
søtt som i Blund
stig ein fager Lund
elskhugsvarm, med sorgblid Trille . . .

Med Lauv um myrke Haar som fløymer ned,
med Sylgjebivr um sine fulle Barmar,

med Sylvband breide um dei brune Armar
stend Huldri under gulna Bjørk og kved.

«Du skal kje graate for din Gut deg sveik,
og ikkje gaa med desse saare Tankar;
han minnest deg so tidt der no han vankar,
og tregar sorgfull, for han var so veik.
Den tyngste Sut ein sistpaa med kann vinnast;
paa fagre Solfjell skal de ein Gong finnast.

Men den som sjølv si Sorg med Saknad barm
og veit kor Hjarta saart i Lengt maa kvide,
og veit kor seint den lange Dag vil lide, —
daa maa du ikkje lenger vera hard.
Naar tidt i Lid du høyrde Strengir laate,
det er ein Vén som etter deg maa graate.

Han vil deg berre vel, min gjæve Bror;
og Kveld og Natt hans Song i Skogen klagar,
og huglaus vildrar han dei vonde Dagar
og søkjer deg med Lengt og linne Ord.
Du maa kje kald og svarlaus burt deg vride,
men tenkje mjukt om den som so maa lide.

Naar Vinterstjerna fyrste Gong seg ter,
daa held me Fyri-Jol paa Fir-kam haage;
daa vert du lyft av deim du ikkje ser;
men ver kje rædd; dei er deg alle fjaage.
Der fær du sjaa det ingin veit i Bygdom;
og den du finn, som dreg deg heim av Høgdom.»

Ho folnar burt og kverv i Skogen djupe.
Haugtussa vakna av sin halve Blund,
og tottest timja i den same Stund
som brune, snare Vengtak av ei Rjupe.
Som klumsa stirer ho med Augo drøymt.
Alt det ho hugsa fyrr, det hev ho gløymt.



Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt