Ved Gjætlebekken

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

Du surlande bekk,
du kurlande bekk,
her ligg du og kosar dig varm og klaar.
Og speglar deg rein
og glid yver stein
og sullar so godt
og mullar so smaatt,
og glitrar i soli med mjuke baar'.
- Aa, her vil eg kvila, kvila.

Du tiklande bekk,
du siklande bekk,
her gjeng du so glad i den ljose lid.
Med klunk og med klukk,
med song og med sukk,
med sus og med dus
gjenom lauvbygt hus,
med underlegt svall og med svæving blid.
- Aa, her vil eg drøyma, drøyma.

Du hullande bekk,
du sullande bekk,
her fekk du seng under mosen mjuk.
Her drøymer du kurt
og gløymer deg burt
og kviskrar og kved
i den store fred
med svaling for hugsott og lengting sjuk.
- Aa, her vil eg minnast, minnast.

Du vildrande bekk,
du sildrande bekk,
kva tenkte du alt paa din lange veg?
Gjenom aude rom?
Millom busk og blom?
Naar i jordi du smatt,
naar du fann deg att?
Tru nokon du saag so eismal som eg.
- Aa, her vil eg gløyma, gløyma.


Se også Ved Gjætle-Bekken fra Haugtussa



Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt