Ved rundarne

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

No seer eg atter slike Fjell og Dalar, som deim eg i min fyrste Ungdom saag, og sama Vind den heite Panna svalar; og Gullet ligg paa Snjo, som før det laag. Det er eit Barnemaal, som til meg talar, og gjer meg tankefull, men endaa fjaag. Med Ungdomsminne er den Tala blandad: det strøymer paa meg, so eg knapt kan anda.

Ja, Livet strøymer paa meg, som det strøymde, naar under Snjo eg saag det grøne Straa. Eg drøymer no, som før eg altid drøymde, naar slike Fjell eg saag i Lufti blaa. Eg gløymer Dagsens Strid, som før eg gløymde, naar eg mot Kveld av Sol eit Glimt fekk sjaa. Eg finner vel eit Hus, som vil meg hysa, naar Soli heim til Notti vil meg lysa.

Alt er som før, men det er meir forklaarat, so Dagsens Ljos meg synes meire bjart, og det, som beit og skar meg, so det saarat, det gjerer sjølve Skuggen mindre svart; sjølv det, som til at synda tidt meg daarat, sjølv det gjer harde Fjellet mindre hardt. Forsonad’ koma atter gamle Tankar; det sama Hjarta er, som eldre bankar.

Og hver ein Stein eg som ein Kjenning finner, for slik var den, eg flaug ikring som Gut. som det var Kjempur, spyr eg, hvem som vinner av den og denne andre haage Nut. Alt minner meg; det minner, og det minner, til Soli burt i Snjoen sloknar ut. Og inn i siste Svevn meg eingong huggar dei gamle Minne og dei gamle Skuggar.

Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt