Vesterhavs-landi

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

Ja, no vil eg fara «i vester-veg»,
no heisar eg seilet i raa!
Eg veit, du i tanken vil fylgje mitt steg
derute - ved havbylgja blaa.
For enn finns det nordmenn paa Orknøya-kyst,
og Norig aa prisa det er dei ei lyst;
skal tru, um me inkje kann knyta eit band
paany med vaar frende i «Torv-Einars» land?

Aa, kom, lat os freista eit sovore tak,
kannhende det kostar litt strid,
men sett no, det lukkast, ei nystidning bak
for Norig i aalvorsam tid!
Dei gjekk dit paa handel dei gamle fyrr oss,
dei sigIde 'kje vester, for berre aa slaast;
kven veit, kva som kjem, naar ein berre gjeng fram
- me stemner kring verdi og inkje til skam!

Og no vil eg fara til Kyrkjevaag
- det namn gjev i soga vaar ljom -
der Haakon han døydde paa Vesterhavs-tog,
og reist er St. Magnus sin dóm.
Han stend der og minner um nordmanna-to,
um tjørebredd langskip med magt yver sjo . . .
- Ja, samla stend Norrøna-ætti ein dag,
um moderlands-klokka ho kallar til slag!



Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt