Viken

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

Gamle lut av Norigs land,
hadde hug te sjaa di strand,
sogerike Oddeval,
der den djerve Dagsson fall,
og med GyIdenløve fram
nordmenn gjekk forutan skam.

«Norges crones lehn og slot»
soknar under framand drott,
landet, langt som eg kann sjaa,
helsar no det gule, blaa.
Ageleg - i minnesus -
drøymer stolte Bagahus . . .

Kongahell, du vyrde stad,
saag vaar store hovding-rad,
helsa deim med klokke-klaang
naar dei gjekk til ottesong;
lengst er morkna deira bein
- kviler under bautastein.

Norsken drakk det beiske brygg,
dansken varna godt sin rygg,
Barfots-løva djupe saar
fekk dei myrke hundrad-aar;
men ho reiste seg aany
gjenom blod og vaapn-gny.

Helsar Vikens folk idag,
um dei heisar framandt flag;
Danmark tapte, Norig vann,
miste lell Vikverja-land . . .
Norig det er stort endaa,
fram, mitt folk, gakk hugheilt paa!



Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt