Vindtrolli

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

Tsjuh! buh! segjer Nordan-Kvitskjegg,
han hiver med myrke Vengir.
Det yler og kvin yvi nakne Heid;
det kvitnar um Aas og Engir.
— Tsju .......

Tsju-hu-huh! segjer Nordvest-Istroll,
det velter Skip og Stamnar.
Have rørest av djupe Grunn
og bryt paa femtan Famnar.
— Tsju .......

Tsjui-lu! segjer Vestan-Havmann,
han kjem so vide av Sjø.
Lett leikar den Gut um brune Bakkar,
men lite so er han stød.
— Tsju .......

Tsjui-lu! segjer Vestan-Havmann,
han er so salt og vaat.
Han lokkar med Sol og Blaaning blide,
men helst det endar i Graat.
— Tsju . . . . . . .

Tsju—su! segjer Austan-Bergkall,
han er so kvass og klaar.
Han kjem fraa alle dei ljose Tindar
med Snøhatt um snøydde Haar.
— Tsju . . . . . . .

Sulilu! segjer Sunnan-Ljosalv;
han susar i Lauv og Lyng,
Blomar hev han i fløymde Haare
og blæs paa Fløyte og syng.
— Tsju . . . . . . .

Sulilu, segjer Sunnan-Ljosalv;
daa er det godt aa gjæte.
Daa er det lognt under solvarm Stein;
daa vil mine Lomb seg kjæte.
— Tsju . . . . . . .

Sulilu! Aa du sæle Sùmar
med Sol i Bakke og Bròt.
Daa søv eg i Lyngen min beste Blund
og vaknar utan Graat.
— Tsju . . . . . . .



Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt