Von og minne

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

av Ivar Aasen

Von og Minne fara vida,
kvar sin Veg dei sviva um.
Attarst er den ljose Sida;
fremst er Vegen myrk og skum.
Fram i Myrkret Voni vender,
uviss um si rette Leid;
att i Ljoset Minnet stender,
der er Vegen kjend og greid.

Att paa Vegen Mannen kagar
ofta sturen, stundom glad.
Spillte Stræv og spillte Dagar
ser han der paa mang ein Stad.
Annan Veg det heve gjenget,
en som sjølv han vilde spaa;
ymse Ting han heve fenget,
som han aldri tenkte paa.

Store Støytar skjekkja Heimen,
gamla Voner stupa ned.
Mannen trengjest med i Sveimen
att og fram forutan Fred.
Førd i Ring av stride Straumar
driv han fraa si Stemna snart;
og dei gamle kjære Draumar
kverva undan etter kvart.

Det, som minst av alt eg trudde,
saag eg stundom ganga fram;
det som helst i Hugen budde,
det gjekk helder av med Skam.
Fegen saag eg ymse milde
Syn, som fagra Voner gav;
men den Ting, som helst eg vilde,
vardt der aldri nokot av.

Men um Voni stundom sviker,
trur eg endaa, ho er god.
Naar som Lukka fraa meg viker,
helder Voni upp mitt Mod.
Lat dei mindre Voner fara,
lat deim falla utan Sut,
naar dei største vilja vara
trufast heile Vegen ut.