Eg var liten

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Eg var liten sat ved åren
mang ein myrke vinterkveld,
varmt i stoga var som våren,
tyri brann så ljost på eld.
Katten sat i benken dubba,
var så glade at han mol.
Bestemor ho sat og rugga
i sin gamle kubbestol.

Bestemor ho var så gille
te fortelja eventyr,
bare ho ville, bare ho ville
konn' ho tala om alle dyr.
Og om nykk og troll i nutar,
om fortrolla slott og møy.
Og om sterk' og spreke gutar
som slo troll som ljåen høy.

Om sin ungdom au ho tala,
om hot henne då ha hendt,
om hoss ho som hjuring hjala,
om hoss ho til strok ha rent.
"Då var gutar, då vart gjentur",
sa ho, "sprekare hell no.
Sterkare og meir med lentur,
so det var ei lyst å sjå".

Eg gjekk burt og gjor' meg mjuke,
sa til gamle bestemor:
"Eg sill alli meire stuke
upp på benkjer hell på bord".
Bare ho ville, bare ho ville
meg fortelje lite grann.
Då var ho so hjartans snille,
då eg upp med henne vann.