Emne

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

"Emne - gut, det lyt du ha,"
hugsar eg han farfar sa:
"Skal ditt arbeid framgang vinne
og den drøymde siger nå,
lyt du fyrst eit vyrke finne
som er heilt å lite på.
Hugs at då fyrst, berre då,
vert kvar fager ting du lagar
gjenomgod frå grunnen av.

Det var lov i gamle dagar, -
merk deg, du òg, dette krav.
Vart ein parlaus tolkniv spurd,
vart ei naudgod løypski gjord, -
skul' det til ei etarskeid,
eller galdt det sledamei',
ein som heldt i verste kneiken
um det skeiv og gjekk på keiken -
eller kva' det meir no va':
lugumt emne laut ein ha -
- - -

Lagleg - greid og høveleg
måtte tingen vise seg
stødt til det han brukast skulde,
og i solbrand, blåst og kulde,
langt til skogs, på tun og støl
lydde kravet: hjelp deg sjøl'. --
Ekte òg laut allting vera,
merke måtte tingen bera;
minne um sin upphavsmann,
vitne all sin dag um han, -
jamvel i ein selapinne
sette dei seg sjølv eit minne,
når han vel var gjort i stand.
Ambod var det so som so med,
tidt på verkty var det skort,
ringt var ofte det dei stod med,
lel vart fullgodt arbeid gjort.
Dette munde soleis ha seg
at dei gamle alltid la' seg
tett og godt
til sitt emne inn go ga' seg
sjølve heilt, med hug og hått.
- - -

Varugt skulde verket vera;
kravde gamle dagars døl.
Alltid var det um å gjera
nytte det naturi sjøl'
tyktest meine, tyktest vilja,
difor laut ein sjå og skilja:
velja ut seg det ein sanna
hadde just det rette lag-
det som aldri tyktest anna
hava tenkt på all sin dag
enn å verta nettup dette
sjølvskapt rette
emne som ein mang ein gong
sakna til ein ting ein trong. -
Ikkje berre sjølve seige
styrken glans um verket la', -
venleik òg laut tingen eige:
auga òg vil noko ha.
Fager laut ei vindski skjerast,
ven laut tingen frå seg gjerast:
liksom øyra ljodet blidt -
auga òg laut hava sitt.
- - -