Erling Skjalgson

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

I

Fagrare og frøknare
fanst inkje Kar
fraa nørdst i Noreg
og ned til Lindesnes.
Og beid inkje betre
Hjarta-Botn
hjaa Mann millom Kjølen
og Moster-Øy.

Laak var den Lagnad
som lagde Mein-Sperre,
so han og Haraldson
inkje høvdest,
— vart det til Vanske
og Vondt fyr baade,
mykje Møda,
ja, Livs-Mein attaat.

For stride og strake
som Staur dei var,
straks dei seg trudde
Retten til;
— og gjekk so Gjerdi
slik ho det gjorde.
Men tunge Taaror
hev Noreg turka
fyr Olav og Erling
og gjer det atter,
— og signar samstundes
sælt deira Minne.

For baae dei brøytte
med Framtids-Brodd
til kvar sin Kant
paa Kara-Gjerd
vonfull Veg
fyr vaart Folke-Vel
og Lukka fyr Liv
i Noregs Land.


II

Seig imot Sole
ei Skuta inn
fyr slake Segl
i skrælen Vind.

      Det var Erling Skjalgson
      som stemnde til Stranda,
      — men denne Gongen
      med kløyvd Panna.

Flaug det som Eld
yver Jadar-Land
at myrda var Rogalands
gjævaste Mann.
      Og Aalmugen auka
      som Vaarflaum fraa Fjellet,
      der Rygje-Kongen
      laag stiv under Tjeldet.

Sume jamra,
og sume svor,
sume stod bleike
utan eit Ord.
      Daa steig ei Røyst
      som tok med seg alle:
      „Hemn og Daud
      yver Fitjaskalle!“

Der stend ein Flokk
av hard-barka Menn
her ifraa Sole
si næmaste Grend,
      eingong bundne
      til Træle-Yrke;
      men no so eig dei
      sin eigen Styrke.

Trælar, sanka
fraa Aust og fraa Vest,
kaupte og selde
som Ukse og Hest.
      „Friskt Mot!“ sa han Erling,
      „eg vil deg kje verre
      enn: sjølv kann du verta
      din eigen Herre.

Fyrst lyt hjaa meg
du tena deg fri,
og forare gjeng det,
di meir du tek i.
      Sidan du fær
      — som her eg skal lova —
      Rudnings-Land
      til Aaker og Stova.

Og dermed du hev,
um du yrkjer trutt,
din Heim paa Grunn
som du sjølv hev rudt.
      Og hugs so paa
      i tung-lyndte Rider,
      at det er paa Lukka
      di eigi du smider.“

Og Havren han voks,
der Lyngen han gjekk,
og fleire og fleire
sin Fri-Rett fekk,
      vart festa til Grunnen
      paa likaste Maate;
      for Mannen huglegg
      sin eigen Brote.

Og Erling Skjalgson
skal liva, han,
i Smaa-Manns Minne
kring Noregs Land.
      Til seinste Ætter
      Soga vaar mæler:
      han skapa Menn,
      og Nordmenn, av Træler




Per Sivle - Viser og kvad - forside.png